Hopp til innhold

Nordmann døydde av skotskadar i Beograd

Den 27 år gamle norske statsborgaren Milos Stojanovic som vart skoten i hovudet i Beograd 1. januar, er død av skadane, bekreftar utanriksdepartementet.

SKOTEN: Det var utanfor ein kafe i området Ada Huja i den serbiske hovudstaden at nordmannen vart skoten. Kvinna han var saman med vart bortført og dumpa i ei skråning på den andre sida av byen.

– Utanriksdepartementet er kjent med at ein norsk borgar er avgått ved døden i Beograd, Serbia, seier Ingrid Kvammer Ekker, pressetalsperson i Utanriksdepartementet til NRK.

– Utanrikstenesta gir bistand i samsvar med fast praksis for bistand i samband med dødsfall av norske borgarar i utlandet, seier Ekker.

Det var tidleg på morgonen 1. nyttårsdag 27-åringen vart skoten i forstaden Ada Huji. Han hadde feira nyttårsaftan på ein restaurant ved breidda av Donau, og ved sjutida om morgonen sat han i bilen sin på ein parkeringsplass utanfor restauranten saman med ei 21 år gammel kvinne.

Les meir: Nordmann skutt i hodet i Serbia etter nyttårsfeiring

Mannen politiet meiner er gjerningsmannen, ein 23 år gammal mann kjend av politiet frå før, vart arrestert seinare på dagen. Dei mistenkjer at motivet for skytinga var sjalusi, ifølgje serbiske medier.

Kort krangel

Ein ung mann kjem bort til dei to i bilen. Etter ein kort krangel fyrer han av eit skot som treff den norske statsborgaren i hovudet. Han trua med seg 21-åringen inn i bilen og køyrde frå staden, ifølgje ei pressemelding får innanriksdepartementet.

Mannen tok den 21 år gamle kvinna med seg til eit motell, der han ifølgje kvinna prøvde å valdta henne. Han stansa då han såg at ho blødde frå brystpartiet, og dei reiste frå motellet. Truleg vart ho treft av eit streifskot under skytinga i bilen.

Seinare dumpa han henne av i ei skråning like utanfor Beograd, har ho forklart til politiet. Ho greidde å kome seg til ein haldeplass der ho hoppa på ein buss. Sjåføren på bussen såg at kvinna var såra og han alarmerte politiet og ringde etter ambulanse.

Vil ikkje forklare seg

23-åringen vart arrestert seinare på dagen. Han har nekta å forklare seg om det som skjedde til politiet, ifølgje den serbiske avisa Blic.

Den mistenkte mannen er straffa for fleire kriminelle forhold både i Serbia og i utlandet. Det er uklart om drapsofferet og den mistenkte gjerningsmannen kjende kvarandre frå tidlegare.

SISTE NYTT

Siste nytt