Hopp til innhold

Netanyahu: – Israel vil ta ansvar for trygg­leiken i Gaza

Israel vil ta eit «overordna ansvar» for tryggleiken i Gaza. Forskar trur Israel med det vil sikre seg større område på Gazastripa.

Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu 28. oktober

Statsminister Benjamin Netanyahu meiner Israel vil måtte ta ei større rolle i Gaza etter krigen.

Foto: Reuters

Benjamin Netanyahu antydar i eit intervju at Israel vil ha ein større rolle i Gaza i etter ein eventuell slutt på krigen.

– Eg trur Israel vil, i uavgrensa tid, ha eit overordna ansvar for tryggleiken. Når vi ikkje har ansvaret for det, får ein utbrot av Hamas-terror av eit omfang vi ikkje kunne tenke oss, seier statsministeren til ABC.

Les også Dokument skal vise Israels plan om å «overføre» palestinerne til Egypt

Les også Israel: Hevder å ha bevis for Hamas-tunneler under sykehus

Han seier det heller ikkje vil bli noko form for våpenkvile utan at gislane Hamas tok 7. oktober blir lauslatne.

– Når det gjeld taktiske pausar, ein time her og ein time der. Dei har vi hatt før. Men eg trur ikkje det blir ein overordna våpenkvile, seier Netanyahu.

Måndag melde Hamas-kontrollerte styresmakter at 10.022 menneske er drepne sidan Israel starta luftåtaka mot Gaza. På israelsk side blei over 1400 drepne då Hamas gjekk til åtak 7. oktober.

– God plan for Israel

Både Israel og Hamas har motsett seg å stoppe krigføringa. Israel har halde fast ved at gislane skal lauslatast, og Hamas har sagt at det vil ikkje skje medan Gaza er under åtak.

Tala frå Hamas-kontrollerte styresmakter er ikkje stadfesta frå anna hald. FN har peika på at helsedepartementet sine tal har vore truverdige i tidlegare krigar.

Netanyahu har enno ikkje kommentert kva konkrete grep Israel vil ta for å ha det overordna ansvaret for tryggleiken på Gazastripa.

– Eg trur ikkje han sjølv veit kva han meiner. Israel blei tatt så på senga av Hamas-åtaket, at no har de ingen klar exit-plan, seier UiO-professor og Prio-forskar Hilde Henriksen Waage.

Rakettåtak mot Gaza lørdag 7. oktober

Israel har gjengjelda terroråtaka frå laurdag Hamas 7. oktober. Her frå eit rakettåtak mot Gaza same dag.

Foto: Fatima Shbair / AP

Ho meiner Israel ikkje ynskjer å okkupere Gazastripa på ny, men at dei gjennom ansvar for tryggleiken truleg vil skaffe seg ein større buffersone mot Israel nord frå Gaza by.

Det betyr at over 2 millionar palestinarar vil få innskrenka sitt område.

Ruinar i Rafah etter bombing

Palestinarar går i ruinane av eit hus i Rafah som har blitt bomba av israelske styrkar.

Foto: Hatem Ali / AP

– Dersom ein meiner at palestinarar ikkje har menneskerettar, økonomiske, politiske eller demokratiske rettar er dette ein god plan for Israel, seier Henriksen Waage.

Framleis ikkje einige i FN

Måndag møttest Tryggingsrådet igjen for å diskutere Gaza-krigen. Etter eit to timar langt møte var dei 15 landa framleis ikkje einige om ordlyden i ein resolusjon.

Medan USA vil ha «humanitære pausar», krev mange andre land «humanitær våpenkvile» for å få inn naudsynt hjelp og hindre fleire sivile tap i Gaza.

– Vi snakka om humanitære pausar, og vi er interessert i å gå vidare med den språkbruken, men det er usemje i rådet om det er akseptabelt, seier USA sin FN-ambassadør Robert Wood.

Tryggingsrådet i FN

Tryggingsrådet i FN møttest igjen måndag for å diskutere Gaza-krigen. Her stemmer medlemene i eit møte 16. oktober.

Foto: ANDREW KELLY / Reuters

Det lukka møtet var det sjette sidan terroråtaka frå Hamas mot Israel 7. oktober.

Dei fem permanente medlemene av Tryggingsrådet har vetorett. Ein resolusjon vil i praksis ikkje kunne vedtakast utan at alle fem er samde.

SISTE NYTT

Siste nytt