Dei to skal prøve å løyse opp i knutane som har kome på tråden mellom dei to landa etter at Israel lanserte planar om nybygging av 1600 nye bustader i Aust-Jerusalem medan USA-visepresident Joe Biden var på besøk.
Les også:
|– Fornærma USA
Utanriksminister i USA, Hillary Clinton, kalte kunngjeringa "ei rein fornærming".
– Nybygginga i Aust-Jerusalem og på Vestbredden undergrev den gjensidige tilliten og trugar dei indirekte forhandlingane som er første steg på vegen mot dei forhandlingane begge sider ønskjer og treng, sa Clinton.
Les også:
|Beklaga kunngjering
Netanyahu heldt likevel fast på byggeplanane, sjølv om han har beklaga at kunngjeringa kom då Biden var på besøk.
I Washington skal Netanyahu møte både Obama og Clinton, og i tillegg støttespelarar i Kongressen og i American Israel Public Affairs Committee (AIPAC).
Les også:
Bygginga godkjend
Samtidig som Netanyahu og Obama starta samtalane, melder israelsk radio og nettstaden
at dei kontroversielle byggeprosjekta har fått endeleg godkjenning.Dei 20 bustadane som er godkjende, skal byggast på ein eigedom der det tidlegare låg eit palestinsk hotell.