Hopp til innhold

På atom- og fredstokt i Russland

Den amerikanske utanriksministeren Hillary Clinton er no på plass i Russland for å spikre ei atomnedrustingsavtale. Offisielt skal ho diskutere fredsprosessen i Midtausten.

Clinton i Moskva

Clinton og Midtausten-kvartetten vil legge press på Israel for å få igang fredsprosessen igjen.

Foto: Ivan Sekretarev / Scanpix/AP

START-avtalen frå 1991 gjekk ut i desember, og forhandlingar om ei ny avtale har så langt ikkje ført fram. Clinton ønsker å få fart i prosessen med sitt besøk i Russland og samtalar med utanriksminister Sergej Lavrov og president Dmitrij Medvedev.

Men den offisielle grunnen til det 36 timar lange besøket i Russland, er at Clinton skal møte ein diplomatisk Midtausten-kvartett som inkluderer USA, Russland, EU og FN, skriv nyheitsbyrået AFP.

Vil presse fram fred

USA reagerte kraftig på at Israel kunngjorde bygging av 1.600 nye bustadar i det okkuperte Aust-Jersualem. Ekspertar ventar at kvartetten vil legge press på Israel om saka.

Les: Biden fordømmer utbygging

Clinton og Lavrov skal møte EU-utanriksminister Catherine Ashton og FN-generalsekretær Ban Ki-moon til samtalar fredag. Ein talsmann for utanriksdepartementet i USA sier møtet vil vise at det er internasjonal støtte for samtalar mellom Israel og Palestina.

Israel framleis venn

Fleire i Obama-administrasjonen tar no til orde for ei ny tilnerming til konflikten. Dei trur ikje den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu er innstilt på reelle forhandlingar med palestinarane, skriv The New York Times.

Les: Lobbyen ingen legg seg ut med

President Barack Obama avviser at det er krise i forholdet mellom USA og Israel. Han medgir at den israelske kunngjeringa ikkje styrka fredsprosessen.

- Men venner er ueinige av og til. USA og Israel har eit felles ansvar for å unngå at dei amerikanske forsøka på å få til nye fredsforhandlingar blir forpurra, seier Obama.

SISTE NYTT

Siste nytt