Hopp til innhold

Nektar nye demonstrasjonar i Egypt

Etter to dagar med demonstrasjonar i Egypt seier myndigheitene stopp. Dei trugar med å straffe alle som demonstrerer i dag.

Politi og demonstrantar i gatene i Kairo

Både i går og i natt har politi og demonstrantar støytt saman i gatene i Kairo.

Foto: ASMAA WAGUIH / Reuters

Innanriksdepartementet i Egypt seier alle som deltek i demonstrasjonar i landet, vil bli stilte for retten, melder nyheitsbyrået AFP.

– Ingen provokasjonar, protestaksjonar, marsjar eller demonstrasjonar er lov, seier dei i dag og åtvarar om at dei som demonstrerer kan vente seg straff.

Men det vil ikkje protestgruppa «6. april» gå med på.

– Vi har starta og vil ikkje stanse, seier ein av medlemmene til AFP i dag.

Fire drepne

I natt har politiet brukt tåregass og vasskanonar mot demonstrantar i hovudstaden Kairo. I går vart to demonstrantar og ein politimann drepne etter opptøyar i fleire byar.

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters er ein fjerde person i dag død av skadane han pådrog seg i opptøyane.

Krev fridom

Også i dag har aktivistar oppfordra til protestaksjonar mot president Hosni Mubarak, som har vore president i landet i år.

– Alle må ta seg til Tahrir-plassen for å ta kontroll på staden ein gong til, seier 6. april-gruppa, som er den drivande krafta bak opprøret.

Demonstrantane har fått inspirasjon frå Tunisia, der presidenten gjennom 23 år, Zine El Abidine Ben Ali, vart jaga frå landet.

– Vi må fortsette det vi starta 25. januar. Vi må gå i gatene og krevje vår rett til liv, fridom og verdigheit. Vi ber om at alle strøymer ut i gatene, og held fram til våre krav blir møtte, seier gruppa.

Regjeringsmotstandarar samla seg i Kairo i natt

Regjeringsmotstandarar samla seg i Kairo i natt

Foto: ASMAA WAGUIH / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt