Hopp til innhold

Nazarbajev vil sitje til minst 2020

Presidenten i Kasakhstan, Nursultan Nazarbajev, seier han vil bli sitjande som president til minst 2020.

Nursultan Nazarbajev

Nursultan Nazarbajev er trygg på at han vil halde fram som president til minst 2020.

Foto: SHAMIL ZHUMATOV / Reuters

Det er presidentval i Kasakhstan neste år, men Nazarbajev reknar ikkje med at nokon andre enn han har den minste sjanse til å vinne valet.

Han ser heller ikkje nokon intern trussel mot regimet sitt, seier ein av dei nærmaste rådgjevarane hans, Jermukhamet Jertsjbajev til nyheitsbyrået Reuters.

Spekulasjonar

Det har vore spekulasjonar om at Nazarbajev kan ha planar om å trekkje seg tilbake, og at han har leitt etter ein etterfølgjar i presidentstolen. No avviser rådgjevaren hans dette på det sterkaste.

- Alt vil skje etter grunnlova, seier han.

Rådgjevaren avviser også alle spekulasjonar om at Nazarbajev har planar om å utnemne seg sjølv til president på livstid.

Nazarbajev er 70 år gammal, og han har vore med i styre og stell i Kasakhstan sidan 1969, då landet var ein sovjetisk delrepublikk. Han var statsminister frå 1984 til 1989, og han var øvste leiar i kommunistpartiet i perioden frå 1989 til 1990.

Valfusk

Han vart valt til president i det sjølvstendige Kasakhstan i 1990, vart attvald i 1995 og vart valt for sju nye år i 1999. Då fekk han 88,3 prosent av røystene. Så vart han igjen attvald i 2005, denne ongen med 91 prosent av røystene.

Både EU og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) har gitt opposisjonen i landet medhald i skuldingar om valfusk. Han er kjend for ein autoritær leiarstil, men har likevel sterk støtte i breie lag av folket.

Nursultan Nazarbajev var på offisiellt besøk i Noreg i 2001.

Nursultan Nazarbajev og kong Olav i Oslo i 2001.

Nursultan Nazarbajev var på offisielt besøk i Noreg i mars 2001. Her er han saman med kong Harald.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

LES OGSÅ: Sakharovprisen til stemme fra Kasakhstan

LES OGSÅ: Under ørkenens brennende sol: Konflikten i Sentral-Asia

LES OGSÅ: Redde journalister i Kasakhstan

LES OGSÅ: Toppolitiker drept i Kasakhstan

LES OGSÅ: Gjenvalg i Kasakhstan

LES OGSÅ: Bondevik: - Statoil vil tilbake til Kasakhstan

SISTE NYTT

Siste nytt