Bønnestunda er den offisielle starten på ei vekelang avskil med Mandela, som døydde torsdag, 95 år gammal. Førstkomande tysdag blir det ein storstilt minneseremoni på ein stadion i Soweto i Johannesburg. Her deltek statsleiarar og regjeringssjefar frå heile verda.
Frå onsdag til fredag skal Mandela liggje på likstrå i Union Building i hovudstaden Pretoria, dit kista skal køyrast kvar morgon. Det er venta at mange vil ta oppstilling langs ruta for å ta farvel med den høgt elska leiaren.
Gravferd neste søndag
Etter dette skal kista til frigjeringshelten og els-presidenten fraktast til landsbyen Qunu i Eastern Cape-provinsen, der Mandela var fødd. Her skal han gravleggjast på familiegravstaden søndag om ei veke.
Under den landsomfattande bønnedagen i dag blir det særleg lagt vekt på Mandelas sterke bodskap om fred og forsoning, på tvers av hudfarge og religion.
– Sjølv om vi sørgjer, må vi også syngje av full hans, danse og gjere det vi vil, å feire livet til denne unike revolusjonære mannen, sa Zuma i går, ifølgje NTB.
Største samlinga i Soweto
Zuma vil sjølv vere til stades i ei metodistkyrkje i ein av dei kvite bydelane i Johannesburg, medan tidlegare president Thabo Mbeki vil delta i bøna i ein av dei jødiske synagogane i byen.
Flest menneske er venta til den største katolske kyrkja i landet, som ligg i Soweto.