Hopp til innhold

Mystisk lys over Kyiv var ikkje Nasa sin satellitt

Var det ein satellitt, ein meteor eller ein ufo? Det er framleis ingen sikre svar etter at kraftige blink lyste opp himmelen over Kyiv onsdag kveld.

Klokka var rundt 22.00 då folk i den ukrainske hovudstaden la merke til fleire lysglimt på himmelen.

Luftforsvaret sende ut raudt farevarsel, og luftvernsirenene blei aktiverte.

– Førebels informasjon tyder på at fenomenet er eit resultat av at ein satellitt frå Nasa er på veg mot jorda, sa leiaren for militæradministrasjon i Kyiv, Sergij Popko.

Falling Satellite

Dette er RHESSI – den satellitten som mange trudde var årsaka til lysglimta over Kyiv.

Foto: AP

Nasa: – Ingen satellitt

Men i natt blei dette avvist av ein talsperson for Nasa.

Tidlegare denne veka blei det kjent at ein 300 kilo tung satellitt – Reuven Ramaty High Energy Solar Spectroscopic Imager spacecraft (RHESSI) – hadde fullført sitt oppdrag, og skulle gå inn i atmosfæren onsdag.

– Denne satellitten går framleis i bane rundt jorda, opplyste Nasa sin talsperson.

Twitterhumor

Fleire av bileta som blir delte i sosiale medium er prega av ukrainske soldatar og fargar.

Dette er ikke bilder fra Kyiv, men det er flere som forsøker å få det til å se slik ut.

Andre prøver å skape nye konspirasjonsteoriar.

Illustrasjon av UFO

Denne varianten spelar på at Ukraina får hjelp frå høgare makter.

Humor fra internett om det mystiske lysglimtet

Kven som "står bak" hendinga er kjelde til mykje humor.

Spekulasjonar

Det ukrainske luftforsvaret meiner at lysblinka kanskje også kunne komme frå ein meteor.

Mange ser nok på dette som den mest sannsynlege forklaringa.

Men spekulasjonane om himmelfenomenet over Kyiv held fram, ikkje minst i sosiale medium. Fleire videoar av lysfenomenet er lasta opp i løpet av natta.

SISTE NYTT

Siste nytt