Hopp til innhold

Mukamba har jobba i gruva sidan han var åtte: 11 timars arbeidsdag og 1 dollar i lønn

Mukamba Branham hakkar fram mineral vi brukar i batteri til mobiltelefonar, datamaskinar og bilar. Unicef meiner 40.000 born framleis jobbar ulovleg i gruveindustrien i Kongo.

Mukamba Branham har arbeidd i den usertifiserte gruva sidan han var åtte år.

Mukamba Branham har arbeidd i gruva sidan han var åtte år. Han drøymer om å få seg ei utdanning som IT-ingeniør.

Foto: Caritas

Arbeidet går føre seg med hakke og spade.

Arbeidet inne i gruva er hardt og lufta inne i dei tronge gangane er elendig.

Foto: Caritas

Arbeidsforholda er forferdelege, seier generalsekretær Martha Rubino Skretteberg i hjelpeorganisasjonen Caritas . Ho har akkurat kome tilbake frå eit besøk i Sør-Kivu i Den demokratiske republikken Kongo, eitt av dei fattigaste og mest korrupte landa i verda.

Kongo har vore sterkt i fokus for blant anna barnearbeid, og per i dag er barnearbeid ulovleg i landet. Men det betyr ikkje at det er slutt på at born arbeider i gruvene.

– Det er langt frå hovudstaden Kinshasa til Sør-Kivu, området eg besøkte. I dette området er det over 700 gruver, og dei lokale styresmaktene seier dei ikkje maktar å overvake alle. Det kjem lite pengar frå Kinshasa til lokalmiljøet der, seier Skretteberg til NRK.

Frå mineralgruve i Sør-Kivu i Kongo.

Generalsekretær Martha Rubino Skretteberg i hjelpeorganisasjonen Caritas i samtale med Mukamba Branham utanfor gruva der han har arbeidd sidan han var åtte år.

Foto: Gruvearbeidar i Kongo / Caritas

– 40.000 born i gruvene

Organisasjonen Unicef seier at det jobbar 40.000 born i gruvene her. Området er prega av matmangel, og mange lir av alvorleg underernæring, Malariaen herjar, det er svært dårleg helseteneste. Den forventa levealderen er 58 år.

Martha Rubino Skretteberg fortel at det ho opplevde i Mwenga og Kasika i Sør-Kivu gjorde sterkt inntrykk på henne. Gruvene her vinn ut kasiteritt (tinnstein) og koltan, mineral som blir brukte i moderne teknologiprodukt som telefonar, datamaskinar og bilar.

Ho seier at ein del gruver er offentleg sertifiserte for utvinning av desse minerala, og at desse må følgje lova som seier det er forbod mot barnearbeid. Men det er mange mindre usertifiserte gruver, og der er det lite kontroll.

– Trongt sjølv for meg

– Det er mange slike gruver. Eg var inne i ei av dei. Gruvegangane var svært tronge, sjølv for meg. Lufta der inne er så dårleg at det er vanskeleg å puste, og dei som jobbar her døyr ofte tidleg. Her jobbar både gutar og jenter, som burde ha gått på skulen, seier Martha Rubino Skretteberg.

Mukamba Branham har jobba i gruvene sidan han var åtte år.

Mukamba Branham viser fram kassiteritt (tinnstein) han har grave fram inne i gruva. Kassiteritt blir brukt i kretskort i datamaskinar.

Foto: Caritas

Ho fortel at dei tener ein dollar om dagen og at dei får eitt måltid i løpet av arbeidsdagen, som går frå klokka 6 om morgonen til klokka 19 om kvelden. Om dei ikkje finn minerala dei leiter etter ein dag, så får dei heller ikkje pengar.

Mukamba Branham er 17 år. Han har jobba i gruva sidan han var åtte år, men drøymer om å få seg ei utdanning som IT-ingeniør. Som alle dei andre i gruva kjem han frå ein fattig familie, og pengane han tener her gjer at han kan hjelpe familien sin.

Familiane i dette området er fattige og med mange born, foreldra har ikkje noko anna alternativ enn å sende borna til gruvene. Offisielt er det obligatorisk og gratis skulegang i Kongo, men i praksis kostar det å halde borna på skulen. Derfor er det mange born som ikkje får skulegang.

Martha Skretteberg

Situasjonen i mineralgruvene i Sør-Kivu gjorde eit sterkt inntrykk på meg, seier Martha Rubiano Skretteberg, generalsekretær i Caritas.

Foto: Bent Tandstad / Bent Tandstad

140 væpna grupper

– Dei eg snakka med fortalde at mange born også hamnar i klørne på dei mange væpna gruppene som opererer i Kongo, det skal vere rundt 140 slike grupper i landet. Nokre av gruppene er kongolesiske, men også væpna frigjeringsmilitsar frå Rwanda og Burundi herjar i dette området.

Jenter, av og til også gutar, blir utsette for seksuelle overgrep. Militsgruppene har sine eigne lover og reglar, og dei tek seg til rette blant anna gjennom valdtekter. Borna er på mange måtar fritt vilt. Militsgruppene har også økonomiske interesser i den mange illegale gruvene.

Gruveindustrien tiltrekkjer seg mange menneske frå ulike stader. Det skaper grobotn for eit anna problem, prostitusjon. Mange jenter endar opp med å selje kroppen sin, og det fører i mange tilfelle med graviditet. Det er veldig lite hjelp å få for desse jentene.

Å få born som ugift er ei skam for familien, og dei vil ofte ikkje ha noko med jentene å gjere.

Det er trangt inne i gruvegangane.

Arbeidarar inne i ei av dei usertifiserte gruvene Martha Skretteberg besøkte i Kongo.

Foto: Caritas
Gruvearbeidarar i Sør-Kivu i Kongo.

Nokre minutts pause oppe i friluft.

Foto: Caritas

Draumen om Europa

Eit tredje alternativ, som mange prøver seg på, er å kome seg til Europa. Mange reiser til store byar, andre land i Afrika og Europa via Agadezs i Niger, som er eit viktig knutepunkt for menneskesmuglarar. Derfrå går ferda til Libya med eit håp om å kome seg om bord i ein båt med kurs for Europa.

– Det er eit håplaust prosjekt. Det er nesten umogleg å kome seg ut frå Libya, og dei som greier det, set livet sitt i fare. Og same kva som skjer blir dei sitjande att med ei stor gjeld til menneskesmuglarane, legg ho til.

Operasjon Dagsverk, der ungdomar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen arbeider ein dag til inntekt for ein humanitær organisasjon, skal i år gi pengane til hjelp for desse ungdomane.

Operasjon Dagsverk

– Eg er glad for at inntektene frå Operasjon Dagsverk i år skal gå til Caritas sitt arbeid i dette området i Kongo. Det vil gi oss sjansen til å byggje kapasitet lokalt, blant anna gjennom kvinnenettverk, slik at born ikkje skal måtte arbeide i gruvene. Eg håper at norske bedrifter vil gi arbeid til ungdomane som skal gi ein arbeidsdag til aksjonen førstkomande torsdag, seier generalsekretæren.

Målet med denne konkrete aksjonen er å gi 15.000 ungdomar ein sjanse til få seg ei utdanning i staden for å måtte jobbe i gruvene.

Ho håpar også at norske styresmakter vil setje inn tiltak som kan hjelpe dei 40.000 borna som jobbar i gruvene til eit verdig liv.

– Regjeringa seier at dei ynskjer å hjelpe menneske i nærområda, slik at dei ikkje prøver å kome seg til Vesten. Det å kunne hjelpe til med å skape institusjonar lokalt som kan sikre at born får seg ei utdanning, er avgjerande for framtida deira. Det er stort behov for skikkeleg yrkesutdanning, ikkje minst innan landbruk, slik at dei kan lære å skape ein meir effektiv matproduksjon. Ved å skape tru på at det er mogleg å få seg meiningsfylt arbeid, kan vi få unge menneske til å vere med på å byggje eit nytt og betre Kongo. Det er ein god måte å bruke bistandspengar på, seier Martha Rubino Skretteberg.

150 millionar

Dag Inge Ulstein

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) lovar nye kroner i

Foto: Sølve Rydland / NRK

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) opplyser til NRK at regjeringa har sett av 150 millionar kroner på 2020-budsjettet til nettopp den type prosjekt som Skretteberg etterlyser. Han rosar Caritas for deira innsats i kampen mot barnearbeid og slaveri, og han er glad for at Operasjon Dagsverk i år går til dette arbeidet i Kongo.

Dette er pengar som kjem i tillegg til det arbeidet Noreg alt er med på i Kongo. Her kan frivillige organisasjonar søke om midlar til sine prosjekt, fortel han.

Han fortel at Noreg samarbeider med fredsprisvinnar Denis Mukwege i arbeidet sitt i Kongo. Samstundes har Noreg akkurat slutta seg til Alliance 87, som skal arbeide mot moderne slaveri i regi av FN.

– Det er vanskeleg å arbeide i Kongo. Landet er like stort som Vest-Europa og det er nesten ingen infrastruktur. Vi støttar den nye presidenten i Kongo i arbeidet for eit rettferdig skattesystem, kampen mot korrupsjon og for menneskerettar. Det skjer positive ting, og vi skal vere med på å byggje sivilsamfunnet slik at born får seg ei utdanning og ikkje minst mat, seier Dag Inge Ulstein.

SISTE NYTT

Siste nytt