NRK Meny
Normal

Mubarak med fredsinitiativ

Egypts president Hosni Mubarak vil ha snarlege samtalar med israelske leiarar for å prøve å få slutt på krigen på Gazastripa.

Hosni Mubarak helsar Francois Sarkozy velkomen.

Hosni Mubarak og Francois Sarkozy før møtet i Sharm El Sheikh.

Foto: ERIC FEFERBERG / AP

Det var den franske presidenten Nicolas Sarkozy som sa dette i kveld, etter samtalar med Mubarak i den egyptiske badebyen Sharm El Sheikh.

- President Mubarak ber israelske leiarar, i full fart, kome til Egypt for å diskutere tryggingstiltak på grensa mellom Egypt og Gazastripa, sa Sarkozy til det franske nyheitsbyrået AFP.

Sarkozy framheldt at han har snakka med Israels statsminister Ehud Olmert om initiativet til Mubarak, og han ventar ein snarleg israelsk reaksjon.

Mubarak seier at han inviterer israelarar og palestinarar til forhandlingar om "trygging av grensene, opning av grenseovergangar og heving av blokaden".

Det vil også bety ei umiddelbar våpenkvile, seier han, som vil gjere det mogleg å få naudhjelp inn på den krigsherja Gazastripa, og deretter direkte samtalar mellom Israel og palestinarane. Mubarak nemnde ikkje Hamas med namn.

Han presiserer at det ikkje blir snakk om å gå tilbake til situasjonen slik han var før krigshandlingane starta, men at det er eit seriøst forsøk på å finne ei varig løysing.

Mubarak ber også om at dei stridande palestinske gruppene Fatah og Hamas tek opp igjen samtalane om å få til ei nasjonal samlingsregjering.

Hosni Mubarak opplever eit stadig sterkare press for å vise handlekraft i konflikten mellom Israel og Hamas. Den sterke islamistiske opposisjonen i Egypt skuldar han for å støtte Israel i krigen, og det har vore store demonstrasjonar i landet mot mangelen på støtte til palestinararne på Gazastripa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt