Hopp til innhold

Tre personar drepne etter skyting i Las Vegas – professor skal ha stått bak

Tre personar vart drepne og ein livstruande skadde i skyting på eit universitet i Las Vegas onsdag. Ein tidlegare professor ved universitet skal ha stått bak.

SKYTING: Ein mistenkt gjerningsperson er død etter at politiet fekk melding om ein skyteepisode på eit universitetsområde i Las Vegas i USA.

Politiet seier at dei kjenner identiteten til gjerningsmannen, men at dei førebels ikkje vil gå ut med han før pårørande er varsla.

Nyheitsbyrået AP siterer likevel anonyme kjelder på at gjerningsmannen var ein professor som hadde søkt om jobb på universitetet utan å få jobben.

Han blir beskriven som ein kvit mann i 60-åra. Motivet for skytinga er ukjent.

Campus Shooting Las Vegas

Bildet viser politiet på universitetet

Foto: Steve Marcus / AP

Naudetatane rykka ut til University of Nevada i Las Vegas onsdag ettermiddag lokal tid etter melding om skyting.

– Det er framleis ein veldig aktiv og dynamisk åstad, seier sheriff Kevin McMahill onsdag kveld. Men trusselen skal vere over, understrekar han.

Gjerningsmannen vart skoten og drepen av politiet på staden.

Tre menneske er døde. I tillegg er ein person livstruande skadd. Fire andre er sende til sjukehus.

To politifolk blei også lettare skadd.

Politiet evakuerer folk fra University of Nevada, Las Vegas.

Bilete frå universitetsområdet viser folk som blir evakuert av politiet.

Foto: AP

Universitetet skreiv om hendinga på sine eigne nettsider, og oppfordra folk til å spring og gøyma seg.

– Dette er ikkje ein test, skreiv universitetet på X.

Alle av UNLV OG NSHE sine institusjonar i delstaten Nevada er førebels stengt, varslar universitet.

Den første meldinga om skytinga kom på universitetet sine nettsider klokka 11.54 lokal tid (20.54 norsk tid).

630 masseskytingar hittil i år

Så langt i år har det skjedd meir enn ein masseskyting om dagen, ifølge Gun Violence Archive. Et nettarkiv som registrerer våpenrelatert vald i USA.

Definisjonen på ein masseskyting er at minst fire ofre er skoten. Hittil i år har nettarkivet registrert 630 masseskytingar og 38 massedrap.

Definisjonen for massedrap er at minst 4 menneske blir drepne.

I ein tidlegare versjon av saka skreiv NRK at CBS News hadde sitert anonyme kjelder på at gjerningspersonen var ein tidlegare professor ved UNVL. Det er nå retta til at han er ein professor som hadde søkt på ei stilling ved universitetet.

SISTE NYTT

Siste nytt