Hopp til innhold

Minst ein omkom i brukollaps i Tyskland

Minst eitt menneske omkom då delar av ei motorvegbru og eit stillas kollapsa under arbeidet på motorvegen A7 i delstaten Bayern i Tyskland i ettermiddag.

Bru-kollaps i Bayern i Tyskland.

Minst to menneske omkom og seks vart alvorleg skadde då delar av ei motorvegbru kollapsa i Bayern i ettermiddag.

Foto: Nicolas Armer / Ap

Det er innanriksministeren i Bayern, Joachim Herrmann, som i kveld seier at minst ein person omkom og seks andre er alvorleg skadd.

.Brua ved byen Schraudenbach er i følgje den tyske avisa Bild 50 år gammal, og at det vart starta vedlikehaldsarbeid grunna material-trøyttleik og slitasje.

Politiet ser ikkje bort frå at det kan vere menneske under dei samanraste elementa.

Ifølgje nyheitsbyrået AP var det eit 40 meter langt bruelement som kollapsa. Det var 20 arbeidarar på brua då ulukka skjedde, og mange av dei er lettare skadde.

To redningshelikopter og minst to ambulansar deltek i redningsarbeidet.

Årsaka til brukollapsen er ikkje kjend.

Schraudenbach

SISTE NYTT

Siste nytt