Hopp til innhold

Minst 60 skal vere drepne i flyangrep i Myanmar

Minst 60 menneske skal vere drepne i eit flyangrep mot ein konsert i Myanmar. Kjende artistar og musikarar skal vere blant dei drepne.

Konserten blei arrangert i delstaten Kachin i nord i Myanmar.

Konserten i delstaten Kachin, nord i landet, skulle markere årsdagen for stiftinga av Sjølvstenderørsla i Kachin (KIO), ei mektig separatistgruppe som har kjempa mot sentralstyresmaktene i fleire tiår og støttar kampen mot militærjuntaen.

Ifølge lokale nyheitsmeldingar blei konserten angripe av tre jagarfly. Blant dei 60 døde var dei kjende vokalistane Aurali og Galau Yaw Lwi, melder NTB, som siterer nyheitsbyrået DPA.

Opplysningane er førebels ikkje stadfesta frå andre kjelder.

Det militære i Myanmar tok makta i eit kupp i fjor. Landet har sidan vore prega av uro. Det har blitt slått hardt ned på protestar, demonstrasjonar og væpna motstand.

Ifølge støttegruppa for politiske fangar er 2370 menneske drepne og over 15.900 arresterte sidan kuppet..

SISTE NYTT

Siste nytt