Hopp til innhold

Minst 25 arresterte under nazidemonstrasjon

Den nazistiske organisasjonen Nordiska motståndsrörelsen (NM) demonstrerte i den svenske byen Kungälv i dag. Statsminister Stefan Löfven kallar nynazistane for avskum.

Video frå demonstrasjonen til Nordiska motstandsrörelsen, samt motdemonstrasjon.

Motdemonstrantane har kasta stein og fyrverkeri mot deltakarane i NM-marsjen. Det vart i ettermiddag meldt om kraftig uro på staden, og at politiet har teke hand om både demonstrantar og motdemonstrantar.

Etter det NRK kjenner til var ein norsk nynazist blant dei som vart tekne inn av politiet i Kungälv i dag.

Polititalsmann Christer Fuxborg.

Polititalsmann Christer Fuxborg kan fortelje om alvorleg uro i samband med demonstrasjonen og motdemonstrasjonane i Kungälv.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Talsmann for politiet, Christer Fuxborg, seier til NRK ved 17-tida at dei har teke hand om 25 personar som deltok i demonstrasjonen til Nordiska motståndsrörelsen. Dei er mistenkte for å ha delteke i alvorlege samanstøytar, truslar mot politiet og hatytringar.

– Henta ut mistenkte

Han fortel at politiet gjekk inn i NM-toget for å hente ut personar som var mistenkte for kriminelle handlingar, og at dei då vart møtte med motstand frå demonstrantane.

Fuxborg fortel at dei greidde å få med seg dei aktuelle personane, og at desse er tekne med til Göteborg for vidare avhøyr.

Han seier at det både er arresterte pluss personar som berre er tekne inn til avhøyr blant dei 25.

Ved 17-tida hadde Fuxborg ikkje full oversikt over kor mange motdemonstrantar som er tekne hand om, men det er minst ti. Situasjonen verkar ved 17.30-tida vere roleg i Kungälv.

Nazi-demonstrasjon i Kungälv.

Det kom til samanstøytar mellom politi og demonstrantar under uroa i den svenske byen Kungälv.

Foto: Øyvind BYe Skille / NRK
Nazi-demonstrasjon i Kungälv.

Det var ein periode svært ampert mellom politiet og demonstrantane frå Den nordiska motståndsrörelsen.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Motdemonstrasjon utan løyve

Politiet opplyser at mellom 250 og 300 personar deltok i demonstrasjonen til Nordiska motstandsrörelsen, medan rundt 500 motdemonstrantar prøvde å kome seg fram til dei. Motdemonstrantane hadde ikkje søkt om løyve til å demonstrere, opplyser politiet.

Det var også ein lovleg, og langt rolegare demonstrasjon, mot nazimarsjen. Her deltok blant andre demokrati- og kulturminister Amanda Lind (Miljøpartiet).

Stefan Löfven hos Skavlan

Statsminister Stefan Löfven gjekk hardt ut mot nynazistar i 1. mai-talen sin.

Foto: NRK

– Det er viktig å vise at vi er mange fleire enn nazistane. Eg trur ikkje vi vinn over nazistane ver å teie still, sa ho blant anna i talen sin.

– Historias avskum

Nynazistar gjekk i tog fleire stader i Sverige 1. mai. Statsminister Stefan Löfven gjekk hardt ut mot Den nordiske motståndsrörelsen i talen sin i den nordsvenske byen Umeå.

– Det er ei skam at historias avskum viser sitt stygge tryne til og med på denne dagen. Nazismen burde vore gravlagt på historias kyrkjegard, sa Löfven blant anna.

Den Nordiska motståndsrörelsen er forboden i Finland, og Löfven seier han vil sjå på moglegheita for å forby nazistiske organisasjonar også i Sverige.

SISTE NYTT

Siste nytt