Hopp til innhold

Milliardsatsing på tog i Vest-Afrika

Ein nysignert avtale skal sikre at eit jernbanenettverk med 2.800 kilometer togskjener vert realitet. Nettverket skal binde saman fleire vestafrikanske hovudstadar.

SOUTH AFRICA BLUE TRAIN

The Blue Train i Sør-Afrika er populær blant turistar. No ruster fleire vestafrikanske land opp sine jernbanelinjer i håp om auka handel i regionen.

Foto: PETER MOREY / Ap

Arbeidet med jernbanelinja frå Benins hovudstad Cotonou til Nigers hovudstad Niamey starta i april 2014.

– Ferdig innan sommaren 2017

Linja er ein del av eit større nettverk som skal binde saman desse to landa med Elfenbeinskysten og Burkina Faso. Det er først og fremst planlagd å frakte gods på linja, men det skal også gå nokre passasjertog på linjene.

Fleire håper og trur jernbanenettverket vil bidra til auka handel og positiv næringsutvikling i regionen.No har Benin og Niger signert ein milliardavtale som skal sikre sluttføring av arbeidet med den aktuelle linja innan sommaren 2017, skriv The Africa Report.

– Me har lagt til rette for at det er gode nok forhold til å kunne garantere eit harmonisk, flittig og effektivt arbeid av dette ambisiøse og historiske prosjektet, seier Amadou Boubacar Cisse, som er Nigers ansvarlege minister for planane.

Prislapp: 9,2 milliardar kroner

Det er det franske selskapet Bollore som skal gjennomføre bygginga av jernbanen frå Cotonou til Niamey, og dei tek også ansvaret for rekninga som er på 9,2 milliardar kroner.

Til gjengjeld eig dei 40 prosent av BENI Rail, firmaet som skal operere på linjene, medan dei to nabolanda eig ti prosent kvar av firmaet. Resten er det private investorar som eig.

South Africa Transport

I Soweto i Johannesburg, Sør-Afrika, er det fleire som tek toget på ulovleg vis.

Foto: Themba Hadebe / AP

Nigers president, Mahamadou Issoufou, har også opna for at firmaet kan få grønt lys for å byggje ei linje frå Niger til Burkina Fasos hovudstad Ouagadougou.

Under kolonitida vart nettverk av jernbanar bygde ut i Afrika, særskild frå innlandet og til kysten. Dette var for å transportere gods og varer enklare og meir effektiv.

Men i tiåra etter at koloniperioden var over har dei fleste jernbanane blitt forsømte, og fleire stader er det berre nokre spor att etter linjene.

Fleire store togprosjekt

Kenya, Kamerun, og særskild Sør-Afrika har klart å ta vare på nokre av jernbanelinjene, medan Sudan, Kongo, Senegal og Mali er blant landa som har latt jernbanane stå meir eller mindre ubrukte.

DRCONGO-MINING/ A train is seen from a helicopter in the southern Congolese province of Katanga

Eit godstog snirklar seg fram gjennom den kongolesiske jungelen. Toget er på veg frå gruveprovinsen Katanga i Sør-Kongo med gods. Biletet er frå 2013.

Foto: STAFF / Reuters

Men fleire stadar er det no auka optimisme, og også aukande satsing på jernbanar. Både i Etiopia, Nigeria og Ghana har det vore planar om jernbanar mellom ulike byar, og i Aust-Afrika har kinesiske investorar spytta inn mykje pengar i ei storstilt jernbanesatsing.

Den afrikanske union har også oppretta eit eige organ som skal bidra til utvikling på området. Ei av hovudutfordringane er å få på plass nye jernbanesviller, eller såkalla normalspor, slik at dei har rette storleiken for dagens moderne togsett.

SISTE NYTT

Siste nytt