Hopp til innhold

Skuldar politiet for å ha beskytta nynazistisk terrorgruppe

Tysk politi blir skulda for å ha beskytta ei nynazistisk terrorgruppe, den såkalla Zwickau-gruppa, som har stått bak minst ni drap på menneske med innvandrarbakgrunn.

Pågripelse av Beate Z

Beate Zschape vart pågripen av tysk politi 8. november.

Foto: JAN WOITAS / Afp

Nynazistane skal ha rana bankar, laga bomber og stått bak fleire rasistisk motiverte drap sidan 1990-talet. Mange av offera hadde tyrkisk bakgrunn, og blant tyrkarane i Tyskland er tilliten til politiet no sterkt svekt.

Det er retta sterk kritikk mot politiet si behandling av saka.

Krisemøte om høgreekstreme

Tysklands innanriksminister Hans-Peter Friedrich.

Innanriksminister Hans-Peter Friedrich lovar å kjempe mot høgreekstreme grupper i Tyskland.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Tyske politikarar sat fredag i krisemøte om denne saka, og innanriksminister Hans-Peter Friedrich lovar å styrkje politiet seie evne til å kjempe mot høgreekstreme grupper. Han bad også alle som er ramma av drapa om orsaking for at tyske styresmakter ikkje greidde å hindre ugjerningane.

120 politikarar frå regjeringa og Forbundsdagen vedtok å lage eit sentralregister over høgreekstreme i Tyskland. Dei vil også etablere eit føderalt senter som skal demme opp for høgreekstremisme og rasisme, og i tillegg forby det nasjonalsosialistiske partiet NPD.

Den tyske riksadvokaten stadfestar at den såkalla Zwickau-trioen har fått hjelp til å gjennomføre drapa. Minst to personar til kan knytast til drapa, men alle ekspertar på høgreekstreme miljø i Tyskland er sikre på at talet på hjelparar vil stige.

To funne døde i bubil

Hittil er to mistenkte pågripne i saka.

Huset til Beate Zschape i Zwickau.

Huset til Beate Zschape i Zwickau vart øydelagt i ein brann.

Foto: Joern Haufe / Ap

Tre erklærte nynazistar, Uwe Bornhardt, Uwe Mundlos og Beate Zschape, er mistenkte for å ha tilhøyrt terrorgruppa Nasjonalsosialistisk Undergrunn NSU. Bornhardt og Mundlos vart funne døde i ein bubil sist veke, der politiet også fann ein DVD der dei tilstår drapa på ni innvandrarar og ein politimann.

Dei to hadde etter alt å dømme teke sine eigne liv.

Beate Zschape er arrestert, og ho har lova å fortelje det ho veit.

Ein tenestemann i det tyske overvakingspolitiet BfV skal ha vore til stades på ein kafe der eitt av drapa skjedde, og i nærleiken av åstadane for fem av dei andre drapa, melder det tyske nyheitsbyrået DPA.

Drapsliste med 88 namn

Politiet har funne ei drapsliste med 88 namn hos Zwickau-gruppa. I tillegg til tyrkarar og andre innvandrarar var det også fleire politikarar med på lista. Talet 88 er viktig for nazistar. Talet 8 står for den åttande bokstaven i alfabetet, H. 88 står for HH, Heil Hitler.

Den nyinnsette riksadvokaten i Tyskland, Harald Range, sa tidlegare denne veka at det ikkje er funne bevis for at tysk etterretning har samarbeidd med Zwickau-gruppa.

Ofrene for høyreekstremister

Dette er dei åtte med innvandrarbakgrunn som truleg er drepne av den såkalla Zwickau-gruppa.

Foto: - / Afp

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

LES OGSÅ: kritikk mot politiet

SISTE NYTT

Siste nytt