Hopp til innhold

Medvedev lovar kraftig svar

- Det er nødvendig med tøffe og harde tiltak mot terror, sa Russlands president Dimitrij Medvedev då han kom på eit uventa besøk til Dagestan i det nordlege Kaukasus i dag.

Russlands president Dimitrij Medvedev.

Dimitrij Medvedev lovar harde tiltak mot terroren.

Foto: Vladimir Rodionov/Kreml pool / Scanpix/AFP

Medvedev kom til Dagestan etter at 51 menneske er drepne i terrorhandlingar i Russland dei siste dagane. Seinast i natt vart to menneske drepne då ein bil fullasta med sprengstoff gjekk i lufta i republikken.

- Vi må straffe hardt dei som står bak, sa Medvedev då han kom til den nordkaukakiske republikken.

I går vart 12 menneske drepne i ein sjølvmordsaksjon i Dagestan, som er naborepublikk til Tsjetsjenia. Russiske styresmakter meiner tsjetsjenske separatistar står bak angrepa.

LES OGSÅ: - Del av sjølvmordsbrigade på 30

LES OGSÅ: Russland frykter OL-terror

LES OGSÅ: – Jeg beordret Moskva-bombene

LES OGSÅ: - Kan være samme gruppen bak angrepene i Russland

SISTE NYTT

Siste nytt