Hopp til innhold

- Del av sjølvmordsbrigade på 30

Dei to kvinnene som sprengde seg på metroen i Moskva måndag, og tok med seg 39 menneske i døden, var del av ein sjølvmordsbrigade på 30 personar.

39 menneske vart drepne i angrepa på metroen i Moskva

39 menneske vart drepne i angrepa på metroen i Moskva.

Foto: DENIS SINYAKOV / REUTERS

Bombeangrepet i Moskva 29.mars 2010

39 menneske vart drepne i bombeangrepet i Moskva 29. mars.

Foto: Scanpix/REUTERS/Jason Reed

Dette skriv den russiske avisa Kommersant i dag, og siterer kjelder blant dei som etterforskar terrorangrepet.

Rekrutterte via Internett

Sjølvmordsbrigraden består både av menn og kvinner, heiter det, og dei er i stor grad rekrutterte gjennom Internett. Dei har fått treninga si i Tsjetsjenia i det nordlege Kaukasus.

LES OGSÅ: - Kan være samme gruppen bak angrepene i Russland

LES OGSÅ: Minst tolv drept i Dagestan

Dei to kvinnelege sjølvmordsbombarane skal ha teke seg til den russiske hovudstaden med buss frå Kizlyar i Dagestan, naborepublikken til Tsjetsjenia

. I går vart 12 menneske drepne i ein sjølvmordsaksjon i byen Kizlyar , og i natt vart to mennseke drepne då ein bil fullasta med eksplosiv eksploderte. Eksplosjonen i natt var truleg eit uhell, opplyser det lokale politiet.

I går tok den tsjetsjenske opprørsleiaren Doku Umarov, som kallar seg Emiren av Kaukasus på seg ansvaret for å ha gitt ordre til metroangrepet i Moskva.

Kizlyar er like over grensa frå Tsjetsjenia, og byen har godt buss- og togsamand med Moskva.

Bilde fra overvåkingskamera viser mann politiet etterlyser i Moskva.

Politiet i Moskva trur denne mannen var innblanda i terroraksjonen sist måndag.

Foto: Dennis Parafeynikov/ Komsomolskaya Pravda

LES OGSÅ: Politiet mener denne mannen dirigerte selvmordsbomberne

LES OGSÅ: To drept i eksplosjon i Dagestan

LES OGSÅ: Lavrov utelukker ikke Al Qaida-medvirkning

Buss til Moskva

Dei to kvinnene kom truleg med buss til Moskva måndag morgon, og dei gjekk truleg rett på metroen for å utføre oppdraget sitt.

Avisa Kommersant skriv også at opprørsleiaren Alexander Tikhomirov, også kjend som Said Burjiatskij, har gitt kvinnene og resten av sjølvmordsbrigaden opplæring. Han vart drepen av russiske tryggingsstyrkar tidleg i mars. Han var opprinneleg frå Sibir og konverterte til Islam i vaksen alder.

Russisk politi leitar no spesielt etter at 20 år gammal kvinne, enkja etter ein tsjetsjensk militsleiar i oktober i fjor. Familien har opplyst at dei ikkje veit kvar ho er.

LES OGSÅ: Mannen bak Moskva-bombene?

SISTE NYTT

Siste nytt