Hopp til innhold

Medium: Egypt bygger flyktning­leir omringa av betong­veggar

Egypt skal vere i gang med å bygge ein flyktningleir omringa av betongveggar, melder Wall Street Journal.

Satelittbiletet frå Maxar technologies viser anleggsmaskiner som bygger ein vegg langs grensa mellom Egypt og Gaza i Rafah.

Dette satellittbildet er tatt torsdag, og viser ifylgje Maxar Technologies anleggsmaskiner som bygger på grensa mellom Egypt og Gaza ved Rafah. Ifylgje Wall Street Journal skal Egypt no byggje ein flyktningleir omringa av betongveggar på staden.

Foto: HANDOUT / AFP

Årsaka for byggeprosjektet er frykt for masseflukt frå Rafah sør på Gazastripa om Israel innleier den varsla bakkeinvasjonen sin der, skriv avisa.

Ifylgje kjelder Reuters har snakka med byrja førebuinga av området for tre-fire dagar sidan.

Les også Netanyahu vil sende soldater inn i Rafah

Israel Palestinians Truce Talks

Området som er avsett til flyktningleiren, skal vere på knappe 13 kvadratkilometer. Han blir bygd i Sinai-ørkenen, nær grensa mot Gazastripa, opplyser egyptiske tenestepersonar og sikkerheitsanalytikarar til Wall Street Journal.

Palestinarar står i kø for å hente vatn i Rafah

Palestinarar står i kø for å fylle opp kanner og behaldarar med vatn i Rafa torsdag.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP

Guvernøren i Nord-Sinai-regionen hevdar at aktiviteten i området er knytt til ein gjennomgang for å skaffe oversikt over bustader som blei øydelagde i området under Egypt sin siste militæroffensiv mot IS.

– Ein dyrepark

Ifylgje Reuters åtvarar FN sin naudhjelpssjef Martin Griffiths mot moglegheita for at palestinarar vil flykte inn i Egypt dersom Israel gjennomfører ein bakkeinvasjon – eit scenario han skildrar som «ein form for egyptisk mareritt»

Emad Al-Rozzi i Nyhetsmorgen

Emad Al-Rozzi seier planane om den avstengde flyktningleiren vil tilsvare ein dyrepark.

Foto: Lars Os / NRK

Ifylgje FN er det rundt 1,3 millionar menneske i Rafah. Dei fleste har flykta dit frå andre delar av Gazastripa, mange av dei på ordre frå det israelske militæret.

– Det er trongt, og det er folk overalt. Samstundes manglar folk alt, ikkje minst mat og drikke. Men òg moglegheita til å gå på do, seier Emad Al-Rozzi, som er universitetslektor ved Oslo Met.

Han seier det lenge har vore Israel sin plan å fordrive palestinarar vekk frå Gaza, og over til Egypt. Han meiner flyktningleiren på egyptisk side av Rafah-grensa vil gjere den humanitære situasjonen om mogleg endå verre.

– Det vil bli ein dyrepark for folk, der menneske er låste inne bak betongveggar. Eg kan ikkje forstå at det skjer i 2024, med dei rettane menneske har, seier Al-Rozzi.

Biden bad Netanyahu hjelpe

Torsdag hadde den amerikanske presidenten Joe Biden og Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu ein 40 minutt lang telefonsamtale. Situasjonen på Rafah var eitt av emna.

I ei fråsegn frå Det kvite hus heiter det at Biden «understreka sitt standpunkt om at ein militær operasjon ikkje kan gjennomførast utan ein ordentleg og gjennomførbar plan for å sikre tryggleiken og støtte til dei sivile i Rafah».

Internt fordrivne palestinarar nær grensa til Egypt.

I Rafah er det trongt om plassen, der det no oppheld seg 1,3 millionar palestinarar. Over ein million av dei er internt fordrivne frå andre delar av Gaza.

Foto: Hatem Ali / AP

Presidenten forplikta seg igjen til å arbeide for lauslating av alle dei israelske gislane så fort som mogleg.

Kriseplan

Egypt meiner at meir enn 100.000 menneske skal kunne husast i leiren i Rafah, ifølge Wall Street Journal. Leiren blir omringa av betongvegger og ligg langt unna busette område i Egypt.

Les også Fryktar ytterlegare humanitær katastrofe i Rafah

USAs president Joe Biden talar i Det kvite hus etter møtet med Jordans kong Abdullah i Washington D.C.

Han er del av ein kriseplan i tilfelle mange palestinarar tar seg ut av Rafah og inn i Egypt, heiter det vidare.

USA sin president Joe Biden

Joe Biden har åtvara Benjamin Netanyahu om å gjennomføre ein bakkeinvasjon i Rafah.

Foto: Evan Vucci / AP

Trusselen om ein israelsk militæroffensiv mot Rafah er møtt med sterke internasjonale protestar, og USAs president Joe Biden er blant dei som har åtvara.

Styrkte tryggleiken

Egyptiske styresmakter har i vekevis prøvd å styrke tryggleiken langs grensa mot Gaza med soldatar, gjerde og pansra køyretøy. Håpet med det er å hindre at eit massivt tal desperate palestinarar prøver å ta seg til Sinai-halvøya.

Egyptiske styresmakter har åtvara Israel mot å drive flyktningane over grensa og seier at det kan få følger for fredsavtalen som blei inngått i 1978.

Om det blir ei palestinsk masseflukt til Egypt, vil landet prøve å avgrense talet på flyktningar til 50.000 eller 60.000, sjølv om leiren er bygd for opptil 100.000, skriv Wall Street Journal.

SISTE NYTT

Siste nytt