Hopp til innhold

Mann (38) funne i live etter jordskjelvet i Indonesia

Dødstala stig etter det kraftige jordskjelvet for fire dagar sidan, men redningsmannskapet har også funne overlevande i ruinane.

Måndag 1. oktober blei ein 38 år gamal mann berga frå ruinane til eit finansbygg i Palu i Sulawesi.

Måndag 1. oktober blei ein 38 år gamal mann berga frå ruinane til eit finansbygg i Palu i Sulawesi.

Redningsmenn frå det nasjonale søke- og redningsbyrået Human Basarnas brukte tre timar på å få han ut – i live.

Leiter etter overlevande

Palu er ein av byane som er mest råka av det kraftige jordskjelvet fredag. Rundt 1700 hus skal vere øydelagde og styresmaktene reknar med at mange menneske framleis er gravlagt i ruinane. Håpet er å finne fleire i live, men timeglaset er i ferd med å renne ut.

Sulawesi ligg nordaust for Java og Bali og sør for Filippinane. Jordskjelvet hadde ein styrke på 7,5 og utløyste ein tsunami som slo inn mot kysten.

Minst 844 personar har mista livet hittil.

Dramatiske opptak da bølgene treffer Palu

Dramatiske opptak da bølgene treffer Palu.

Nye jordskjelv

Den indonesiske øya Sumba blei natt til tysdag råka av to jordskjelv rett etter kvarandre. Skjelvene hadde ein styrke på 5,9 og 6, opplyser amerikanske USGS.

Senteret for det første skjelvet låg 10 kilometer under bakken og rundt 40 kilometer utanfor øya. Det andre skjelvet låg omtrent like djupt og litt nærare land.

Det er førebels ikkje kome inn meldingar om omkomne, skadde eller materielle øydeleggingar etter skjelvene.

Dramatisk video fra Twitter viser hvordan hus, trær og skog velter sammen under jordskjelvet i Indonesia. Videoen er blant annet delt av Sutopo Purwo Nugroho, talsmann for landets katastrofemyndigheter.

SISTE NYTT

Siste nytt