Hopp til innhold

Liberia: Skip med 30 om bord sokk

Eit liberisk skip med plass til 30 passasjerar gjekk ned utanfor kysten. Ingen meldingar om overlevande.

– Vi veit enno ikkje kor mange som har forsvunne i denne ulykka, fordi redningsmannskap framleis er i arbeid, seier hamnesjefen Patrick Dunor ved hamna Harper til nyheitsbyrået AFP.

Myndigheitene seier dei ikkje har informasjon om overlevande eller kva som førte til at skipet gjekk ned.

– Skipet var på veg til hamn då det gjekk ned. Det er vanskeleg å seie kor mange som omkom og kor mange som overlevde, seier Dunor.

Skipet var på veg frå Monrovia til Harper, ei strekning som innbyggjarane brukar båt for å reise mellom på grunn av at regnsesongen gjer det vanskeleg å køyre på vegane i området.

Harper er den tredje største hamnebyen i Liberia og ligg mindre enn sju kilometer frå nabolandet Elfenbenskysten.

SISTE NYTT

Siste nytt