Kvinne skoten av politiet i Göteborg

Ifølgje Göteborgs-Posten er ei kvinne skoten av politiet. Ifølgje eit vitne gjekk kvinna til angrep på ein politimann med eit stikkvåpen i framkant av skotepisoden.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet skal ha skote mot kvinna sine bein, og det er førebels usikkert om kvinna er skada, og i kva omfang skadane eventuelt er.

Ifølgje politiet fann hendinga stad rett etter klokka åtte i kveld, etter at to politibetjentar hadde blitt angripe av ei kvinne som dei skulle ta hand om.

Ifølgje fleire vitne på staden skal kvinna ha dratt opp to store knivar og prøvd å angripe ein av politibetjentane.

– Ho sprang mot dei i høg fart, fortel ein mann til Göteborgs-Posten.

Politiet vil ikkje uttale seg om kva som skjedde før kvinna vart skoten. Men dei opplyser at det skal ha blitt forsøkt fleire andre utvegar før skot vart lausna. Både peparspray og eit varselskot vart forsøkt, utan at det klarte å hindre at kvinna vart skoten.

Ifølgje vitne skal politiet ha fyrt av tre eller fire skot mot kvinna sine bein.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt