Hopp til innhold

Kvalrossen gjer comeback på Svalbard

Kvalrossen vender tilbake til Svalbard, viser teljingar som Norsk Polarinstitutt har gjennomført. Men klimaendringane skaper utfordringar for kvalrossen – som er oppført på raudlista over trua dyreartar.

Kvalross

FREDA: Svært få dyr var tilbake då kvalrossen blei freda i 1952. No er den på veg tilbake.

Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein gong var kvalrossen i ferd med å bli utrydda på Svalbard. 350 år med uregulert fangst har sett sine spor. Svært få dyr var tilbake då kvalrossen blei freda i 1952.

30 år etter fredinga hadde rundt 100 dyr etablert seg på øygruppa. Sakte men sikkert har bestanden auka.

Over 1000 fleire dyr

Den nyaste teljinga blei gjennomført i 2012. No er resultata klare. Dei viser at det var 3886 kvalross på Svalbard då oppteljinga fann stad, mot 2629 under førre teljing, seks år tidlegare. Talet på kvalross har altså auka med over 1000 individ.

Kvalrossjakt

350 ÅR MED FANGT: Ein gong var kvalrossen i ferd med å bli utrydda på Svalbard. 350 år med uregulert fangst har sett sine spor. Dette biletet er frå 1929.

Foto: Carl M. Hansen

– Dette er svært gledeleg. Vi ser mykje meir kvalross enn før, og fleire av dei gamle stadene der kvalross brukte å liggje, er i bruk igjen, seier seniorforskar Kit M. Kovacs ved Norsk Polarinstitutt til NRK.

Ho synest det er overraskande at dette skjer i eit så høgt tempo, og meiner det vi ser no, først og fremst er eit resultat av den aktive vernepolitikken.

Kvalrossjakt

OMFATTANDA: Det var ein omfattanda fangst av kvalross, her dokumentert på endå eit bilete frå 1929.

Foto: Carl M. Hansen

Overvakinga av kvalrossbestanden på Svalbard skjer gjennom MOSJ, Miljøovervaking Svalbard og Jan Mayen. Dette er ein del av den statlege miljøovervakinga i Noreg.

Registrering frå fly

Undersøkinga frå 2012 byggjer først og fremst på fotografering frå fly. Det er andre gong det blir gjennomført ei flyteljing – den første var i 2006. Begge teljingane omfatta alle eksisterande og historisk kjende liggjeplassar for kvalross på øygruppa.

Resultata frå flyteljinga i 2012 slår fast:

  • Fleire liggjeplassar for kvalrossar på land (91 i 2012 mot 78 i 2006)
  • Fleire liggjeplassar der det var dyr mens teljinga fann stad (24 i 2012 mot 17 i 2006)
  • Kraftig auke i liggjeplassar med mor-kalv-par (ti stader med til saman 57 små kalvar i 2012, mot eitt tilfelle i 2006)
  • 48 prosent auke i talet på dyr totalt i løpet av seksårsperioden mellom dei to teljingane, frå 2629 dyr i 2006 til 3886 i 2012.

Klimaendringane får konskvensar

Kvalrosskoloni på Svalbard

AUKAR: Den nyaste teljinga viser at det er 3886 dyr på øygruppa.

Foto: Tor Ivan Karlsen / Norsk Polarinstitutt

Men også for kvalrossen er det store utfordringar i eit Arktis i endring. Redusert hav- og fjordis skaper problem for fleire artar som er avhengige av is som leveområde.

– Klimaendringane påverkar utan tvil både kvalross, isbjørn, kval og andre dyr som lever i islagde område, seier Kit M. Kovacs.

Kvalross i Smeerenburg

KARTLAGT BESTAND: Kvalross-forskarar i Smeerenburg på Svalbard.

Foto: Siri Urdal / Norsk Polarinstitutt

– Framtidige miljøendringar vil kunne redusere produksjonen i næringskjeda på havbotnen, og dermed minske mattilgangen til kvalross. I tillegg kan endringar i isforholda ha negativ effekt gjennom ein reduksjon i yngleområda i drivisen, seier ho.

Nyleg blei 35.000 dyr observerte på ei kyststripe heilt nord i Alaska. Kvalrossen legg seg normalt på havisen for å kvile, og ifølgje amerikanske forskarar er dei no tvinga til land for å kvile, fordi det er mindre havis.

– I dei delane av Arktis der kvalross må reise mykje lenger mellom isen og land, er det heilt klart utfordringar på grunn av mindre is, seier Kovacs.

Kvalross på Svalbard fotografert frå fly

FRÅ FLY: Kartlegginga av kvalrossbestanden skjer hovudsakleg ved hjelp av fotografering frå fly.

Foto: Anders Skoglund / Norsk Polarinstitutt

SISTE NYTT

Siste nytt