Hopp til innhold

Kva moglegheiter ligg i verdas største problem?

FN har utfordra næringslivsleiarar i 130 land. Saman peikar dei på fem hovudutfordringar, der dei ser store moglegheiter for forandring.

HAITI-CHOLERA/ A woman collects water from the ground to clean a table to sell meat in downtown Port-au-Prince

Ei kvinne hentar vatn i Haiti, landet har vore råka av jordskjelv og orkanar. Kolera tek mange liv.

Foto: KENA BETANCUR / Reuters

Vi som lever i den rike delen av verda, har det vi treng. Pengar, tak over hovudet, mat og vatn.

Men avstanden til dei som er fattige eller på flukt frå krig blir berre større og større. For mange er livet ein kamp for å overleve.

Dei aukande skilnadane, er ifølgje den nye FN-rapporten, den aller største utviklingsutfordringa i 2017.

Dei fattige ramlar utanfor alle marknadar. Dei har lite eller ingen kjøpekraft, det kan skape global økonomisk ustabilitet. Det gjer dei dessutan sårbare for ekstreme og destruktive ideologiar. Slik blir dei enorme skilnadane ein trussel mot tryggleiken til alle.

Ifølgje rapporten kostar vald 13,3% av verdas bruttonasjonalprodukt.

– Må vise moglegheitene

Lise Kingo - direktør FN global Compact

Lise Kingo er direktør i FNs Global Compact. Det er eit initiativ for å oppmode næringslivet på kloden til å vere berekraftige og etiske.

Foto: NRK

– Vi byrja å lage ein «Global Opportunity Report» fordi vi syns det var viktig å vise næringslivsleiarar, regjeringar og det sivile samfunnet at vi må sjå på utfordringane med berekraftig utvikling som moglegheiter, og ikkje risiko.

Det fortel direktør i FNs Global Compact, Lise Kingo. 5300 bedrifter frå 130 land er med på FN-initiativet, som er eit samarbeid for næringsliv som vil ta eit globalt ansvar. Kvar år legger de fram "Global Opportunity Report", der Det Norske Veritas er éin partnar.

I årets rapport trekk dei fram fem satsingsområde: Ustabile regionar, utarma jord, aukande ulikskap, klimaforandringar som rammer byer og cyberrisiko.

Her meiner FN at aktørane kan gå desto meir kreativt og aktivt til verks for å stansa negativ utvikling og samtidig tene på det.

Vatn og elektrisitet for fred

Ei av desse moglegheitene blir kalla «smart» vassteknologi, sjølv om det ikkje er så veldig avansert.

Smart vassteknologi

Ingeniørar testar farkosten som kan frakte drikkevatn over havet.

Det er rett og slett ein stor flytande ballong som ein kan slepe over havet med ferskvatn.

– Den er laga av slitesterkt materiale, og ein brukar glidelås for å slå fleire modular saman, fortel ingeniøren Samuele Ambrosetti i Italia.

Analytikarane bak FN-rapporten peikar på tilgangen til reint vatn som eit viktig verkemiddel. Verdssamfunnet må finne løysingar. Korleis gje fattige tilgang til reint ferskvatn. Korleis gjere saltvatn om til drikkevatn? Korleis kan ein reinse kloakk?

Rapporten vise også til at ein kan omdanna saltvatn og kloakk til drikkevatn ved å utnytte solenergi.

Marokko er eit av føregangslanda for solenergi.

App i staden for lærar?

FN-rapporten peikar også på moglegheitene med ny teknologi. Med fleire millionar på flukt, korleis kan ein bruke smartteknologi for å forhindre at generasjonar går tapt? Kan e-lærings-appar vere eit alternativ når lærarar og klasserom ikkje er å oppdrive?

Under krisen i Kosovo måtte ein bruke satellittelefon, i dag har dei fleste i Syria mobiltelefonar. Det er noko ein kan bruke til å hjelpe menneske på flukt, og kanskje gje barna deira litt utdanning på vegen.

I tillegg til at rapporten no kjem for tredje år på rad, blir det jamleg lagt ut historier om smarte løysingar på verdsproblem, som det å dyrke kjøt i eit laboratorium for å kome folkeveksten på kloden i møte.

– Alle er einige om at vi ikkje vil klare å etterleve berekraftsmåla om ikkje næringslivet blir med, og det er veldig positivt at næringslivet er interesserte i å vere med for å skape ei betre verd, fortel Kingo.

SISTE NYTT

Siste nytt