Aldri har vi i media vore meir opptatte av krigens løgn og propaganda enn under Irak-krigen. Men klarte vi å avsløre krigens sanne ansikt?
Symbolet på krigens løgn har framfor alt blitt ein mann med sine eigne fan-nettsider: Iraks informasjonsminister Saed al-Sahaf. Etter Irak-krigen finst det knapt eit sterkare og meir lattervekkande symbol på systematisk løgn enn han.
Og vi unner oss ein god og befriande latter, alle vi som var meir skodde enn nokon gong før: Denne gongen skulle vi journalistar ikkje gå i baret, vi hadde lært leksa vår sidan førre Golf-krig og Kosovo. Vi gjekk til angrep på denne krigen vel vitande om at i krig driv partane med aktiv løgn og bruker media til å formidle dei.
Og aldri har vi journalistar vore meir klar over at løgner ville kome og at media ville bli brukt – og kanskje særleg fjernsynet - i ein direkteoverført krig.
Sanningas plattform
Sjølv var eg utstasjonert ved "sanningas plattform". Dette er namnet generalane gav podiet for sine pressebriefingar ved sentralkommandoen i Qatar.
Brigader Vincent Brooks gjekk opp på podiet (med Hollywood-design for millionar) med orda "This is the platform of truth" når han skulle briefe oss på krigens gang.
Ingen lo. Men det vart kjempa ein krig frå denne informasjonsfronten som frå motpartens i Bagdad. Nå når tida er inne til eit kritisk tilbakeblikk, kan vi spørre oss om vi var gode nok på denne delen av krigen. For her satt "hjernen" i krigføringa, her vart det ikkje berre bestemt kva slags neste trekk som skulle skje i framrykkinga, men også kva slags versjon media skulle få.
Ja, her var det også tatt beslutningar om kva dei innrullerte journalistane skulle få vise. Lite var tilfeldig. Derfor var det da også taust frå podiet dei første døgna. Bråstarten på bombinga av Bagdad vart gjort greie for i Washington og Pentagon. Nærgåande spørsmål til for eksempel britiske generalar var nok uønska: Dei var jo ikkje orienterte før Stealth-flya tok av frå flystripa i mitt nabolag i Qatar natt til 20.mars.
Var det ein litt for rask start? Hadde dei amerikanske flya bomma? Kvifor ville ingen av generalane gå opp på Hollywood-podiet nå når krigen var i gang?
Spørsmåla vi stilte var mange. Ingen svar. Vi rakk å gi grunnlag for mange spekulasjonar, journalistar intervjua kvarandre – da Donald Rumsfeld dukka opp på seks fjernsynsskjermar flokka vi oss rundt skjermane. Dagen etter var det ennå over 600 svoltne og utålmodige journalistar som venta på meldingar frå "krigens hjerne".
Så kom pressemeldinga om at Umm Qassr var "frigjort" og under kontroll, ei melding som raskt viste seg å vere litt forhasta. Like fullt gjekk den ut på direkten verda over. Etter fire dagar med kamp gjekk det ut ei justert pressemelding: Byen var "secure, but not safe."
Løgnene om Basra
Da mannen vi alle venta på, den sagnomsuste general Tommy Franks, endeleg entra podiet, summa mediesenterert av forventning.
Mest interessant var at han sa det fanst vitneprov blant dei tilfangetatte om masseøydeleggingsvåpen, og at nøkkelbyen i sør, Basra, kom til å bli inntatt utan militær kamp. I tillegg kunne han forsikre om at alt gjekk etter planen, ingen overraskingar i framrykkinga – ikkje ulikt det norske militærekspertar sa i våre media.
Alt same natt krevde situasjonen i Basra målretta bombing i form av rakettangrep. Vart invasjonsstyrkane ikkje tatt like vennleg imot som hevda? Ikkje lenge etterpå kunne britiske talsmenn fortelje at folk gjorde opprør mot Saddam-tru styrkar inne i det omringa Basra.
Dette viste seg å stemme lite med dei video-opptaka som al Jazeera (den einaste TV-stasjonen tilstades) viste frå den same byen. Manglande jubel for invasjonsstyrkane var i det heile tatt eit pinleg forhold.
Eit godt alternativ til løgn, er å nekte for det som skjer. Da det kom irakiske meldingar om at amerikanske pilotar var tatt til fange, vart det først nekta for at noko som helst flygande var skote ned. Lenge vart det nekta for at det fanst amerikanarar i irakisk fangenskap.
Da al Jazeera viste opptak av dei tilfangetatte amerikanarane – først dei som hamna i bakhald ved Nazaryia og seinare dei to pilotane – vart stemninga amper, både blant mine amerikanske kollegaer, og i USA.
Under påfølgjande pressebriefing vart fjernsynskabelen til al Jazeera klipt av, amerikansk påbod om å la vere å vise fangebilda vart følgd opp av stasjonar som CNN. Den engelske nettsida til Al Jazeera vart "hacka2 under mottoet "Let freedom ring".
Overmaktas dobbeltmoral
Vi kjente alle suget i magen da vi såg det forskremte ansiktet til åleinemora Shoshana Johnson – vi "visste" at desse fangane ville få føling med Saddams mest grusame sider.
Fangebehandlinga var eit bevis på det ein alt visste om det irakiske regimet, vart det sagt i sentralkommandoen. USA minna om at det var viktig å respektere Genevekonvensjonen, mens dei på same tid sette reglane til side – ikkje berre på Guantanamo, men også overfor irakiske fangar.
Seinare har Dagbladets oppslag vist korleis amerikanske soldatar kledde tjuvar nakne, skreiv "Ali Baba" på dei og jaga dei ut I Bagdads gater.
Ser vi ei supermakt som kjenner seg så overlegen at ein kan skape sin eigen rettspraksis? Heldigvis oppfylte ikkje Saddams fangehol dei verste spådomane denne gongen - alle dei sju amerikanske fangane kom velberga frå det etter tre veker. Det var eit lykkeleg utfall på ei historie som i mellomtida vart brukt for det den var verdt i propagandasamanheng.
Rykande pistol?
I kofferten min låg gassmaska og vernedrakta. Vi "visste" også at Saddam Hussein hadde delegert fullmakter til lokale militære om å ta i bruk masseøydeleggingsvåpen.
Våre kjelder hadde kanskje tett kontakt med den amerikanske overkommandoen? Ikkje ein gong i Qatar kjente vi oss trygge. Og det var jo dette krigen handla om, var det ikkje? Å finne og fjerne dei ulovlege våpna som var gøymt unna for FNs våpeninspektørar.
Frå "sanningas plattform" går det ut appellar retta til irakiske soldatar som bygger opp under vår eigen angst: "Do not obey orders to use weapons of mass destruction."
Kollega Jan Espen Kruse i Kuwait opplever rakettangrep og tar på gassmaske og vernedrakt under direktesending – det blir det nærmaste vi kjem kjemisk krigføring.
Sjølv nå etter at krigen er erklært over, er ingen funn gjort. Var dette den største løgna? Og vart det i så fall ein krig basert på ei løgn? General Franks svarte på dette spørsmålet 72 timar inn i krigen: "Det er ingen tvil om at Saddam Husseins regime har masseøydeleggingsvåpen, og (...) at desse våpna vil bli identifiserte og funne, det er det ingen tvil om."
Dag fem kunne eg på nytt ikkje la vere å spørre generalen:
- Er det gjort funn?
– Stiller du dette spørsmålet KVAR dag? parerte han, men føya til at han var sikker på å finne massøydeleggingsvåpen.
Smarte bomber, smart krig?
Invasjonsstyrkane sette på si side ny rekord i bruk av "smarte bomber". Da marknadplassar og sivile likevel vart treffte, vart skylda lagt på Saddam Hussein.
Frå "sanningas plattform" vart det meir enn antyda at irakiske luftvernrakettar med vilje kunne ha blitt dirigert mot sivile mål. Bruk av klasebomber som kunne truge sivile, vart kategorisk avvist. Dette er ein del av krigens løgn som vi ennå ikkje har avdekka.
Og likevel:
Nå når krigen (nesten) er over er alle letta. På kommentarplass blir det påpeika at sivile tap vart langt mindre enn spådd, gatekampane om Bagdad uteblei, gatas parlament i den arabiske verda er i ro – og Irak og vi er kvitt ein uønska diktator.
Er feilbombinga gløymt, dei falne som vart talt opp i svarte tusjstrekar på amerikanske hjelmar (i staden for hakk i skjeftet) – kvinner og barn som "måtte" meiast ned fordi fedayiin gøymte seg bak sivile?
Den skitne delen av krigen vart kanskje mindre i omfang, den humanitære krisa mindre enn mange frykta.
Er vi så overvelda av den vellykka krigen at vi nå er klare til å legge av oss alle kritiske refleksar og seie "godkjent"?
I så fall er det på tide igjen å minne oss sjølv om kva denne krigen handla om: trugande massøydeleggingsvåpen.
Trass i at amerikanske media har gjort store nummer av funn som har vist seg å vere insektsmiddel og andre falske alarmar, er det altså slik at vi ennå ikkje har sett teikn til det som skulle vere grunnlaget for å gå til krig.
Kanskje er det dette krigens aller største løgn.