Hopp til innhold

Kreml klargjer russiske barn for krig

Minst 600.000 barn og unge, heilt ned i åtteårsalderen, skal bli ein del av ein ungdomshær i Russland.

An award ceremony for a patriotic club in Vladimir, Barn og ungdom under en premieseremoni for en "patriot-klubb" i en by litt utenfor Moskva. Bildet viser unge jenter og gutter i ulike militær-drakter, noen med røde bereter, andre med blå, noen uten. Noen av de eldre ungdommene holder trofeer. De står tett i tett, og ser i alle andre retninger enn kameraet. Bildet er tatt inne i det som ser ut som et rom i en fritidsklubb.

Ungdom frå heile Russland deltok førre veke i konkurransar kor dei fekk prøve seg på kartlesing og skyting. Det er ingen institusjon i Russland folk stoler meir på enn militæret.

Foto: SERGEY PONOMAREV / NYT

«Me kan klare det ein gong til», står det på eit klistremerke som har blitt svært populært i Russland.

Klistremerket refererer til sigeren over nazistane under andre verdskrig. Russland mista rundt 27 millionar menneske under krigen. Over seks millioner av dei mista livet ved fronten.

«Me kan klare det ein gong til.»

Samstundes som Russland har samla store militære styrker langs grensa til Ukraina, har myndigheitene gjeve innbyggjarane sine eit inntrykk av at landet er omkransa av fiendar, skriv New York Times.

Samlar troppane

Ideen har blitt spreidd via skular, militære, statseigde tv-kanalar og den ortodokse kyrkja.

På statseigd TV latterleggjorde ein av nyheitsankarane sanksjonane retta mot landet.

– Dei anar ikkje korleis dei skal skremme eit land som mista fleire enn 20 millionar menn, kvinner, eldre og barn i førre krig.

Sanksjonane har kome som ein reaksjon frå vestlege land på den russiske opprustinga.

Russland på si side meiner Nato provoserer ved å utplassere soldatar for tett på den russiske grensa.

President Vladimir Putin ønsker ei garanti om at Nato ikkje må bli utvida til å omfatte Ukraina.

Skapar unge patriotar

1.654.362.500 kroner er sett av til eit program som skal auke dei unge russaranes kjensle av patriotisme. Programmet er igangsett av Kreml, som kallar det for «patriotisk utdanning».

Planen er at minst 600.000 barn og unge, heilt ned i åtteårsalderen, skal bli ein del av ein ungdomshær.

En instruktør viser barn hvordan man håndterer en rifle på et ungdomsseminar i Russland. Det sitter fem elever ved hver sin pult og ser frem mot en skytebane. Der står en mann med grønne militærklær og sikter på noe utenfor fotoet. Gulvet er svart, til venstre er en gul vegg med en plakat med en stjerne på.

Russiske barn får opplæring i korleis ein bruker luftgevær på eit militært treningsanlegg i Noginsk, 30 kilometer aust for Moskva.

Foto: SERGEY PONOMAREV / NYT

Under ein premieseremoni eit par mil utanfor Moskva tek tenåringar imot premiar for eigen innsats i konkurransar som kartlesing og skyting.

Ein av arrangørane, tidlegare KGB-soldat Svyatoslav Omelchenko, seier dei gjer alt dei kan for å førebu dei unge på det som kjem.

– Den aggressiviteten me merker rundt oss, det kjem berre til å bli verre. Me gjer alt me kan for å sørgje for at barna er klar over situasjonen. Me klargjer dei til å tene, seier Omelchenko.

I ei undersøking frå 2018, kom det fram at det ikkje er nokon institusjon russarar stoler meir på enn militæret. Ikkje ein gong presidenten.

Det er også sterke band mellom den ortodokse kyrkja og forsvaret. I fjor opna ein storslått militær katedral utanfor Moskva.

Saman med andre institusjonar i landet, arbeider kyrkja hardt for å styrke kjensla av fellesskap i det russiske samfunnet. Fleire tidlegare og nålevande militære og sivile leiarar er avbilda i katedralen.

To russiske offiserer tilber hellige relikvier i den enorme katedralen utenfor Moskva. Gulvet er utsmykket med mosaikkfliser i mønstre, bak dem er veggen malt i et enormt maleri som viser Jesus som blir velsignet. Ved siden av ham står en gruppe engler. De to offiserene står i kø for å bukke til det vi kan se er en forgylt kiste. Mannen som venter står rak i ryggen, og holder militærhatten sin fast i sin venstre hånd.

Den ortodokse kyrkja står sterkt i Russland. To russiske militærfolk tilber eit gamalt relikvie i den då nyopna katedralen, ikkje langt utanfor Moskva.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Kritisk fredsprisvinnar

Dmitrij Muratov som for få veker sidan tok imot Nobels fredspris saman med Maria Ressa, har uttalt seg tydeleg kritisk til det russiske regimet.

– Myndigheitene sel ideen om konflikt aktivt til folket. Folk ven til seg tanken om krig, uttalte Muratov under talen han heldt under utdelinga.

Fleire trur krig er uunngåeleg

Aleksei Levinson, leiaren av Levada, eit uavhengig analyse- og spørjeundersøkings-institutt, kallar trenden ei «militarisering av underbevisstheita».

Undersøkingar gjort av Levada førre veke, viser at 50 prosent av russarar meiner USA og Nato er skuld i at forholdet mellom dei og Russland er forverra. Mindre enn 4 prosent meiner Russland har gjort nok gale.

Samstundes trur 39 prosent av innbyggjarane at krig med Ukraina er uunngåeleg.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.