Kravet om ei ny regjering gjekk ikkje så langt som til å krevje at statsminister Ahmed Qurie måtte gå av. Dermed kan Abbas be Qurie danne ei ny regjering.
Uroa i Gaza by i går var den mest alvorlege sidan Israel trekte seg ut av Gazastripa. (Foto: Reuters/Scanpix)
Samanstøytar
Det er dei kraftige samanstøytane mellom ytterleggåande palestinarar og palestinske politifolk i Gaza by i går kveld som utløyste avrøystinga i det palestinske parlamentet i Ramallah.
Det starta då politifolk skulle arrestere ein Hamas-medlem for ulovleg våpenbruk, og det kom til skotveksling. Tre personar vart drepne, blant dei ein høgtståande politimann. Over 50 vart skadde, mange av dei var born.
Hamas
Etter forsøket på å arrestere ein framtredande Hamas-medlem kalla Hamas-akvivistane inn forsterkingar, og det var harde kampar fleire stader i Gaza by og i flyktningleiren Shati. Visepolitimeisteren i Shati skal vere blant dei drepne.
Under møtet i nasjonalforsamlinga i dag storma ei gruppe politifolk inn i bygningen, med krav om at regjeringa gjer noko med med den aukande lovløysa i dei palestinske områda.
Hamas og palestinske styresmakter skuldar på kvarandre for kampane i går kveld, men partane skal i dag ha blitt samde om å prøve å roe ned situasjonen.
Kritikk
Ein komite i den palestinske nasjonalforsamlinga har i ein fersk rapport kome med sterk kritikk av regjeringa fordi dei ikkje har stansa væpna opptøyar etter at Israel trekte seg ut av Gazastripa.
Eit stort fleirtal i nasjonalforsamlinga slutta seg til konklusjonane i rapporten, og krev altså at Mahmmoud Abbas utnemner ei ny regjering. (NRk-AFP-Reuters)