Då USA slutta å hjelpe
Mboy har vakse opp i Kakuma, ein flyktningleir nord i Kenya. No har han ansvaret i heimen. Faren har forsvunne, og mora er død.
Han er så vidt blitt vaksen, men som eldstemann kjenner han på eit ansvar for å finne mat til sine sysken og syskenbarn.
Han er i sin beste alder, og vil gjerne jobbe. Men konkurransen er hard. I flyktningleiren bur det fleire hundre tusen arbeidsledige.
Då Mboy var liten pleide flyktningane å få mykje gratis mat. No får kvar person under halvparten av minimumsbehovet for eit menneske.
Det har vore demonstasjonar i leiren. Flyktningar frå Sør-Sudan, Somalia, Sudan og Kongo har stått saman og protestert mot store kutt i matrasjonar.
Også i USA har mange demonstrert. Hjelpa frå USAID har halde liv i millionar av menneske verda rundt.
USA gav 775 milliardar kroner i humanitær hjelp i 2023. Ifølge FN er det 42 prosent av all hjelp i verda. No sparer USA mykje pengar ved å gjere enorme kutt.
Då Donald Trump signerte ordren stansa hjelpa brått. Han sa USAID var styrt av «venstreradikale galningar».
– Det er som å sparke alle pilotar og kabintilsette når flyet er i lufta. Då seier det seg sjølv at flyet vil styrte.
Kate Almquist Knopf er tidlegare Afrika-direktør i USAID, og er ikkje imponert over måten Donald Trump bråstansa amerikansk bistand.
– Desse kutta er ei rask løysing for Trump, som svar til amerikanarar som ser aukande prisar og spør kvifor me sender pengar til folk langt unna.
– Men det er også i amerikanarar si interesse å bruke vår mjuke makt ved å dele vår rikdom, teknologi og kunnskap med resten av verda.
Tilbake i flyktningleiren Kakuma, nord i Kenya, og ein skule som var nesten fullfinansiert av USAID.
200 barn per lærar. 75 prosent av lærarane står utan løn. Nokre møter likevel på jobb, men klassane er likevel enorme. Det plutselege kuttet ga ingen tid til å finne gode løysingar.
Avgangseleven Susan veit berre så vidt kven Trump er. No er livet hennar i ferd med å endre seg drastisk på grunn av hans avgjersle.
Utdanning er einaste vegen ut av flyktningleiren og fattigdom.
Og eit ekstra problem er at ho og venninnene pleide å få gratis bind, men dei vart betalt av USAID og er plutseleg borte.
Det ser skuleleiinga tydeleg resultatet av. Tala over oppmøte viser at det på småtrinnet er like mange gutar og jenter.
Men når borna vert tenåringar, og jentene får mensen, så er det ofte nesten dobbelt så mange gutar enn jenter på skulen.
På denne skulen er det over 2000 flyktningbarn. USAID betalte for skuleutstyr, spesialundervisning, traumebehandling, og helsesjukepleiarar.
– Eg er redd for at borna vil droppe å gå på skulen når alt dei har fått frå USAID forsvinner.
Lærar Atom Mofrat Laus har sjølv vakse opp i leiren. Han veit at den plutselege pengemangelen i leiren kan føre til at elevane må jobbe i staden for å gå på skulen.
– Me berre håper ting vil betre seg igjen. I mellomtida må me lærarane som framleis er her gjere vårt beste for å hjelpe borna.