NRK-reporteren Knut Magnus Berge er utvist frå Irak.
Knut Magnus Berge har ikkje fått noko forklaring på kvifor han er utvist frå Irak. - Det einaste eg veit er at det kom opp ei liste med namn på utanlandske journalistar som er uønskte i Irak, og at eg er ein av dei, seier ein overraska Knut Magnus Berge.
- Eg kome tilbake frå ein tur sørover i landet i ettermiddag, og fann denne lista slått opp på veggen her, seier NRK-reporteren.
Det er ikkje gitt nokon grunn til at 69 utanlandske journalistar er utviste, og Berge kjenner ikkje til om dette gjeld andre norske journalistar. Han synest det er vanskeleg å vurdere bakgrunnen for utvisinga.
Han er også usikker på kor lang tid han har på seg til å kome seg ut av landet. Dei første opplysningane gjekk ut på at han har 72 timar, men seinare har det gått rykte om at det er snakk om 48 timar.
Knut Magnus Berge seier at han ikkje har opplevd arbeidsforholda for han i Irak som vanskelege. Rett nok ber landet preg av å stå føre ei alvorleg krise, men han hadde eigentleg venta at arbeidsforholda skulle vere endå vanskelegare.
- Det er verre no enn sist eg var her, før jul, det er meir nervøsitet å spore, både blant vanlege folk og i byråkratiet, seier han.
Det er fleire norske journalistar som oppheld seg i Irak. Utanriksdepartementet kjenner ikkje til at andre norske journalistar skal vere blant dei som no er bedne om å forlate Irak. Pressetalsmann i UD, Karsten Klepsvik, seier at det har teke litt tid å få dette stadfesta, fordi Noreg er i ferd med å avvikle ambassaden sin i Bagdad.