Hopp til innhold

Seks personar drepne i knivangrep på kjøpesenter i Sydney

Ein ni månadar gammal baby skal vera blant dei skadde. Mor til bornet er blant dei døde, melder lokale aviser.

Gjerningsmann Sydney

Video på sosiale medium viser den antekne gjerningsmannen.

Foto: X / Twitter

Like før klokka 16 lokal tid laurdag fekk politiet fleire meldingar om knivstikking inne på det populære kjøpesenteret Westfield Bondi Junction i Sydney, Australia.

Senteret vart evakuert og klokka 16.30 meldte politiet at den antekne gjerningspersonen var skoten. Politiet har no stadfesta at mannen er død.

– Ein politibetjent var i området då meldingane kom inn. Ho kom seg til gjerningsmannen etter forklaringar frå vitne. Då ho kom mot han, vifta han med kniven og ho skøyt, forklarar Anthony Cooke i politiet under pressekonferansen.

Seks personar er til no stadfesta drepne. Fem personar døyde inne på kjøpesenteret. Den sjette døyde på sjukehuset, i følge lokalt politi.

Ifølge The Sydney Morning Herald skal den sjette døde vera mor til ein ni månadar gammal baby. Babyen skal også ha blitt skadd i angrepet og vart frakta til sjukehus.

Politiet: – Ikkje terrorhandling

Politiet meiner mannen var angreip aleine og at det ikkje lenger er noko trussel for samfunnet. Dei meiner også at det truleg ikkje er snakk om terror.

– Om det er personen me trur det er, så har me ikkje noko frykt for at han hadde ein ideologi. Med andre ord; det er ikkje ei terrorhandling, seier Karen Webb i politiet.

Politiet meiner gjerningspersonen er ein 40 år gammal mann. Han skal vera kjent for politiet frå før.

Dei seks døde skal vera fem kvinner og ein mann. Fem døyde på kjøpesenteret, medan den sjette døyde på sjukehuset.

Hans Torstein Lærum

Hans Torstein Lærum studerer i Sydney og seier byen vanlegvis kjennest svært trygg.

Foto: Hans Torstein Lærum

Nordmann på kjøpesenteret: – Panikk

– Eg forsøkte å ikkje få panikk. Det var mange rundt meg som fekk panikk og skreik og løp i alle retningar, seier Hans Torstein Lærum.

24-åringen frå Oslo er student i Sydney og var på kjøpesenteret Westfield Bondi Junction, då ein mann gjekk til angrep med kniv inne på senteret laurdag ettermiddag lokal tid.

Totalt seks personar er stadfesta drepen. I tillegg er gjerningsmannen skoten og drepen av politiet.

– Det har vore ein berg-og-dal-bane av følelsar. Først forvirring, så adrenalinrush, før det gjekk over i sjokk. No kjennest det berre surrealistisk, seier Lærum som er tilbake i leiligheta si i storbyen

Augevitne: – Ein mann sprang rundt og knivstakk

Videoar på sosiale medium viser det som skal vera gjerningsmannen.

Kledd i shorts, t-skjorte og joggesko går han inne på kjøpesenteret med det som ser ut som ein kniv i handa.

I den eine videoen ser ein at ein annan mann prøver å stoppe gjerningsmannen på veg opp ei rulletrapp ved hjelp av ei stor kjegle.

Nyheitsbyrået Reuters har prata med fleire augevitne som var på kjøpesenteret då angrepet gjekk føre seg.

– Eg såg ei kvinne som låg på golvet. Eg såg ikkje mannen ordentleg, eg sprang. Men det var galskap, seier ei kvinne.

Ein mann seier han fekk auge på den mistenkte gjerningsmannen:

– Han sprang rundt og knivstakk folk. Det verka tilfeldig.

Andre vitne seier at det brøyt ut panikk og at dei høyrde skot. Dei legg til at skota kan vera frå politiet.

Politi utenfor Westfield Bondi Junction shopping.
LrK97scnIKM
Australia Sydney skyting

Australsk statsminister: – Tragisk

Den australske statsministeren Anthony Albanese var tidleg ute og stadfesta dødsfalla på X.

– Eg har blitt orientert av AFP om dei øydeleggande hendingane ved Bondi Junction. Tragisk nok er det rapportert om fleire skadar, og dei første tankane til alle australiere går til dei råka og deira kjære, skriv han på X.

Bilete og videoar frå utanfor kjøpesenteret viser store styrkar med væpna politi. I tillegg er det fleire ambulansar.

Kjøpesenteret vil bli stengt ut søndag, seier politiet i New South Wales.

SISTE NYTT

Siste nytt