Hopp til innhold

Kinas verste naturkatastrofar

Jordskjelv, flaum og syklonar. Naturkatastrofar i Kina krev ofte mange menneskeliv.

Byen Mianzhu i Sichuan-provinsen i Kina
Foto: Liu Hai / AP

Nok ein gong driv ein redningsarbeid etter ei stor naturkatastrofe i Kina.

Tapet av menneskeliv aukar for kvart minutt i meldingane frå jordskjelv-områda i Sichuan-provinsen.

Jordskjelv

Gjennom historia har det vore mange store jordskjelv i Kina. Og, slike katastrofar plar råka det folkerike landet hardt.

Det største jordskjelvet, som kravde flest menneskeliv, var skjelvet i Shaanxi i 1556. Området ligg nord for Sichuan. Heile 830 000 menneskeliv gjekk tapt i denne hendinga.

Det elektroniske oppslagsverket Credo Reference har ei oversikt over dei største jordskjelva i verda gjennom tidene. Skjelvet i Shaanxi toppar denne lista.

Lista under er ei oversikt over dei største jordskjelva i Kina.

Største jordskjelv i Kina

Dato:

Stad:

Omkomne:

Richters skala

23. januar 1556

Shaanxi

830.000

Ukjent

27. juli 1976

Thangsan

255.000

8,0

22. mai 1927

Xining

200.000

8,3

16. desember 1920

Gansu

200.000

8.6

September 1290

Chihli

100.000

Ukjent

25. desember 1932

Gansu

70.000

7,6

Det har vore fleire store jordskjelv i Kina i nyare tid. I 1976 omkom 242 000 menneske i eit skjelv i industribyen Thangastan.

Også skjelva i Gasnu (1920) og Xining (1927) kravde over 200 000 menneskeliv.

Flaum

Likevel er det flaum frå dei store elvane i Kina som har ført til dei største katastrofane i landet.

Då Huang He (Den gule elva) gjekk over sine breidder i 1931, mista om lag 2 millionar kineserar livet. I 1887 førte flaum i same elv til at over 1 million menneske døydde.

Også flaumar i den største elva, Chang Jiang (Den lange elva), har kravd sine menneskeliv gjennom historia. I 1911 omkom 100 000 menneske, i 1935 over 145 000 og i 1954 døydde 30 000 som følgje av flaum.

Syklonar

Syklonen i nabolandet Burma førre veke har vist korleis dei tropiske syklonane herja med sårbare samfunn i lågtliggjande område.

Syklonar kan også herja Kina, og i 1975 førte syklonen Nina til at over 230 000 menneske omkom.

SISTE NYTT

Siste nytt