Hopp til innhold

Kerry optimist om Syria-samtalar

– Om Assad ikkje møter opp ved forhandlingsbordet, vil verda sjå kor tom retorikken hans er, seier USAs utanriksminister John Kerry. Han er optimistisk med tanke på å få i stand fredsforhandlingar om Syria.

USAs utenriksminister John Kerry tror Bashar al-Assad vil komme til forhandlingsbordet.

John Kerry og Fredrik Reinfeldt heldt ein felles pressekonferanse i Stockholm i dag. I kveld reiser Kerry vidare til Kiruna, der han skal møte Sveriges utanriksminister Carl Bildt og resten av Arktisk råd.

Den amerikanske utanriksministeren John Kerry er på besøk i Sverige. På ein felles pressekonferanse med Sveriges statsminister Fredrik Reinfeldt, vart Kerry spurt om det er håp om å få i stand fredssamtalar om og med Syria.

Det har dei siste dagane vore ei rekkje statsbesøk med Syria som tema. I førre veke vitja Kerry president Vladimir Putin i Russland, og det var under dette besøket at planane om eit fredstoppmøte tok form.

Syria skeptisk til fredsmøte

– Vi vil ha ei overgangsregjering med alle myndigheiter. Både Russland, USA og mange andre land har signert på det. Gruppa er svært innstilt på å få slutt på valden i Syria, sa Kerry på pressekonferansen.

Men i Syria er både regimet og opposisjonen skeptiske til det planlagte fredskonferansen. Det syriske regimet vil ha fleire detaljar om konferansen før dei takkar ja til å delta.

– Syria vil overhodet ikke være en del av et møte som undergraver, direkte eller indirekte, nasjonal suverenitet, sier Syrias informasjonsminister Omran Zoabi, ifølge nyhetsbyrået SANA.

Har fått namn frå Syria

USAs utenriksminister John Kerry sier møtet uansett vil finne sted i juni.

– Eg har nettopp vore i Russland, og russarane seier at dei allereie har fått konkrete namn frå Syria på kven som skal sitje ved bordet. Eg har snakka med nesten alle utanriksministrane som skal møtast neste veke, og eg har vore i kontakt med opposisjonen i Syria. Alle melder om framgang, så eg er ikkje einig med dei som seier at dette går feil veg, seier Kerry.

«Enorme planer»

Han seier at «enorme planer» er i ferd med å ta form.

– Framsteget er stort. Det er berre fem dagar sidan arbeidet starta. Da sa vi at vi håpa å få til ein konferanse i slutten av mai eller tidleg i juni. Truleg blir det i slutten av juni, seier Kerry.

Han meiner det er i president Bashar al-Assad si interesse å møte opp.

– Om Assad feilvurderer dette, slik han har feilvurdert mange ting som vedkjem framtida til landet hans, vil verda sjå kor tom retorikken hans er. Eg håpar vi får sjansen til å sette oss ned og forhandle med Syria direkte, seier Kerry.


Skytteltrafikk til Putin

Også Storbritannias statsminister David Cameron har besøkt president Putin, og i går besøkte Cameron president Barack Obama i Washington.

I dag har Putin besøk av Israels statsminister Benjamin Netanyahu, og i neste veke ventar FNs generalsekretær Ban Ki-moon.

Russland er sentralt i konflikten, fordi det er det einaste «vestlege» landet som støttar det syriske regimet. Det er også kjent at Russland forsyner Assad-regimet med våpen.

SISTE NYTT

Siste nytt