Hopp til innhold

Kapteinen sølte kaffi - fly måtte naudlande

Eit passasjerfly med 337 menneske om bord på veg frå Frankfurt til Mexico måtte naudlande etter at ein av pilotane sølte kaffi på instrumentpanelet.

Kaffi-uhell på Airbus-maskin.

Det var ACP1- og ACP2-tastane som smelta og førde til røykutvikling i cockpiten.

Foto: AAIB

Det er britiske Air Accidents Investigation Branch (AAIB) som melder dette i september-rapporten sin

Flyet, ein Airbus 330-342, var i rute over Atlanterhavet då dette skjedde 6. februar i år. Og kapteinen fann det tryggast å setje kursen mot Shannon-flyplassen i Irland.

Tilløp til dramatikk

Ingen vart skadd i hendinga, men det var tilløp til dramatikk i cockpiten. Det starta med at dei to pilotane fekk servert kaffi i kvar sin kopp utan lokk. Det var standard om bord då, men etter denne hendinga blir kaffien til pilotane berre servert i koppar med lokk på.

Kapteinen sette frå seg koppen på bordet framfor seg. Ved eit uhell skubba han borti koppen, slik at kaffien rann ut. Det meste hamna i fanget til kapteinen, heiter det i rapporten, men litt hamna også på instrumentpanelet.

Kapteinen prøvde å tørke opp, men då hadde alt den varme kaffien gjort skade på nokre av tastane. Det gjekk verst ut over ACP1- og ACP2-tastane, som styrer kommunikasjonen mellom flygarane og mellom cockpit og resten av flyet.

Røyk i cockpiten

Dei kunne høyre ein liten eksplosjon, og deretter steig det røyk opp frå kontrollpanelet.

Varmen fekk dei to tastane til å smelte, og det var årsaka til røykutviklinga. I ein periode måtte begge flygarane bruke surstoffmaske.

Dette fekk kapteinen til å be om å få lande på Shannon. Landinga gjekk utan problem.

AAIB oppgir ikkje kva flyselskap det var snakk om, men BBC siterer Flight Safety Foundation på at flyet var frå selskapet Condor, som flaug på oppdrag for Thomas Cook Airlines.

Les AAIB-rapporten her: https://assets.publishing.service.gov.uk/government/uploads/system/uploads/attachment_data/file/826096/AAIB_Bulletin_9-2019_Hi_Res.pdf

SISTE NYTT

Siste nytt