Hopp til innhold

Kanariøy byggjer ny flyktningleir for 7000

Hittil i år har det kome 18.000 flyktningar og migrantar til Kanariøyane. Mottaka er overfylte. Styresmaktene seier tilhøva er umenneskelege.

Flyktninger i Arguineguin på Kanariøyene

Migrantar i Arguineguín-hamna på øya Gran Canaria.

Foto: Javier Bauluz / AP/NTB

Frå januar til november har det kome over 18.000 båtmigrantar til dei spanske øyane utanfor Afrikas nordvestlege kyst. Det er ifølgje BBC meir enn ti gonger så mange som året før.

Migrasjonsminister Jose Luis Escriva seier til BBC at den mellombelse teltleiren vil vere klar til å ta imot folk i løpet av få veker.

Dei mange migrantane har sett Kanariøyane under sterkt press. Fleire er innkvarterte i hotell og ferieleilegheiter på øyane, medan rundt 2000 flyktningar bur i det styresmaktene kallar «umenneskelege tilhøve» i hamna i turistbyen Arguineguín, der den norske sjømannskyrkja ligg.

Det spanske forsvaret har satt opp ein ny teltleir nær Las Palmas for å avlaste den overfylte leiren i Arguineguin.

Det spanske forsvaret har sett opp ein ny teltleir nær Las Palmas for å avlaste den overfylte leiren i Arguineguín.

Foto: BORJA SUAREZ / Reuters/NTB

Ny teltleir

Flyktningane vart samla i hamna der dei har vorte testa for koronavirus og gjeve helsesjekkar, men tilstrøyminga har vorte så stor at systemet ikkje har klart å ta dei unna. Fleire hundre er alt flytta til ein midlertidig teltleir ved hovudstaden på øygruppa, Las Palmas, nord på øya.

Den nye, store teltleiren skal setjast opp på kommunal og privat grunn. Styresmaktene seier at migrantane vil få «meir stabile tilhøve» i den nye leiren. Men Escriva åtvarar at berre ein liten del av dei 18.000 som har kome i år, er kvalifiserte til å få asyl i Spania.

Desse flyktningane kom til hamna i Arguineguin på Gran Canaria 17. november i år.

Desse flyktningane kom til hamna i Arguineguín på Gran Canaria 17. november i år.

Foto: Javier Bauluz / AP/NTB

414 drukna

Tilstrøyminga til Kanariøyane har eksplodert etter at EU gjorde avtaler med styresmaktene i Tyrkia, Libya og Marokko om å blokkere velkjente flyktningruter over Middelhavet. Ein anna årsak til at fleire no kjem, er at koronapandemien har øydelagt mogelegheitene for å finne løna arbeid mange stadar.

Ifølgje FN-organisasjonen IOM har minst 414 menneske drukna på vegen over frå Afrika til Kanariøyane i år. Det er om lag dobbelt så mange som året før.

SISTE NYTT

Siste nytt