Hopp til innhold

Kan stengjast ute frå presidentvalet

Tidlegare statsminister Mikhail Kasianov kan verte utestengd frå presidentvalet i Russland.

Mikhail Kasyanov
Foto: Sergey Ponomarev / AP

Den sentrale valkommisjonen i Moskva meiner at minst 13 prosent av underskriftene som er samla inn til støtte for nominasjonen av Kasianov er ugyldige og at det finst juridisk grunnlag for å diskvalifisere den tidlegare statsministeren. Det meldar nyhendebyrået Interfax i dag.

Arg kritikar

Mikhail Kasianov var statsminister under president Vladimir Putin i nesten fire år fram til februar 2004. Sidan har vore ein konsekvent kritikar av den sitjande president Vladimir Putin og regjeringa i Kreml.

Han har kritisert Putin for å hindre politisk mangfald og ei fri og uavhengig presse, og for feilaktig å tru at staten kan kontrollere alle avgjerande politiske og sosiale prosessar i samfunnet.

Falske underskrifter

Tidlegare denne veka innleidde den russiske riksadvokaten gransking av Kasianov for svindel med underskriftene. Den sentrale valkommisjonen seier at han ikkje kan verte registrert som kandidat dersom meir enn 5 prosent av underskriftene er falske.

- Talet på gyldige underskrifter ligg under to millionar. Det er grunn nok til å diskvalifisere kandidaten frå presidentvalet i Russland, sa sekretær Nikolaj Kokin i den sentrale valkommisjonen, ifølgje nyhendebyrået Tass.

Kommisjonsmedlem Gennadij Rajkov meiner at 13,8 prosent av underskriftene er falske.

Lite populær

Kasianov grunnla i 2005 partiet Folkets demokratiske union, som er ein del av opposisjonsalliansen Eit anna Russland. No prøver han å stille som uavhengig presidentkandidat ved valet i mars, men meiningsmålingar syner at han er svært upopular.

SISTE NYTT

Siste nytt