Hopp til innhold

Kan ha funne verdas eldste vrak

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det som kan vere verdas eldste intakte skipsvrak er funne på 100 meters djupn mellom Gotland og Öland i Austersjøen.

Dykkarar frå firmaet Ocean recycling fann vraket tidlegare denne veka, og dei trur det er snakk om eit skip frå 1300-talet som kan ha tilhøyrt danskekongen Valdemar Atterdag , som regjerte frå 1340 til 1375.

- Kogg frå 1300-talet

- Eg trur det er ein kogg frå 1300-talet. Båten er 28 meter lang og sju meter brei og har berre ei mast. Hadde det vore bygd seinare hadde skipet hatt to master, seier ein av dykkarane, Erik Bjurström, til det svenske nyheitsbyrået TT.

- Det er aldri tidlegare funne ein kogg på djupt vatn. Sannsynlegvis er det verdas eldste intakte vrak, det trur eg på, seier han vidare.

Dei same dykkarane fann eit vrak frå 1500-talet i same området sist veke.

I løpet av kort tid er det planen sende fjernstyrte kamera ned til vraket. Då er det håp om å kome nærmare eit svar på om fartøyet verkeleg tilhøyrde Valdemar Atterdag, og om det er store rikdomar om bord.

Skeptisk ekspert

Jim Hansson, marinarkeolog på Sjøhistoriska museet, er avventande til funnet.

- Det er ikkje mogleg, ut frå våre erfaringar, å slå fast at det er ein kogg ut frå eit sonarbilete, seier han. Han vil vente å sjå kva dei vidare undersøkingane vil vise, og han trur skipet kan vere intakt.

- Det er gode sjansar for at skipet kan vise seg å vere intakt. Det kan vere godt bevart når det ligg på ei slik djupn, seier Hansson.

SISTE NYTT

Siste nytt