Turistminister Rehavam Zeevi vart skoten og livstruande skadd i Jerusalem i dag. (Arkivfoto)
Rehavam Zeevi, som måndag trekte seg frå regjeringa til Ariel Sharon, vart skoten i hovudet, og tilstanden hans er kritisk.
Drapsforsøket skjedde på Hyatt Hotel i Jerusalem. Det er uklart kven som skaut, men mykje tyder på at det var to attentatmenn. Dei første meldingane tyder på at han vart skoten rett utanfor døra til hotellrommet sitt. Han skal ha bli treft av tre skot, minst eitt av dei i hovudet og eit anna i nakken.
PFLP står bak
Ein faks til nyheitsbyrået AFP i Jerusalem seier at det var den palestinske gruppa PFLP som utførte attentatet. I faksen heiter det at Zeevi vart skoten som hemn for at israelske styrkar tok livet av PFLP-leiaren Ali Abu Mustapha i Ramallah 27.august.
Dette blir også stadfesta av PFLP i Beirut i Libanon. Ein talsmann for israelsk politi seier at ingen har forlate hotellet etter at drapsforsøket skjedde ved 07-tida i dag. Det er uklart om dette betyr at attentatmennene framleis oppheld seg på hotellet.
Zeevi er turistminister i Sharon-regjeringa, og er leiar av eit politisk parti på høgresida i israelsk politikk, Nasjonal Union. Han gjekk ut av regjeringa måndag fordi han meinte at Sharon var for ettergivande overfor palestinarane. Det var meininga at han offisielt skulle gå av som statsråd seinare i dag.
Eks-general
Zeevi er 74 år gammal og tidlegare general i den israelske hæren. Han har blant anna gått inn for at Israel skal gjenokkupere delar av Gaza og Vestbreidda.
Ein regjeringskollega av Zeevi, telekommunikasjonsminister Reuven Rivlin, sa til israelsk fjernsyn nettopp at Zeevi var ein av dei best beskytta politikarane i Israel.
Dei andre medlemene av den israelske regjeringa har fått ordre om å halde seg heime inntil vidare, melder israelsk fjernsyn. Statsminister Ariel Sharon har innkalt tryggingskabinettet til møte etter attentatet. Sharon skal også ha vitja sjukehuset der Zeevi er innlagt.
Refsar Arafat
Avi Pazner, talsmann for den israelske statsministeren, seier at attentatet mot Zeevi viser at dei palestinske styresmaktene ikkje gjer noko for å stanse terrorist-åtak mot Israel.
- Medan Arafat reiser rundt om i verda og seier at han ynskjer fred med Israel, er hans eige folk opptekne med å utføre terroråtak. Resultatet ser vi i dag med Rehavam Zeevi kritisk såra på sjukehuset, sa Prazner til israelsk fjernsyn.