Augevitne fortel at fleire titals stridsvogner og pansra køyrety køyrde ut av byen og flyktningleiren Jabaliya og nabobyen Beit Lahiya i ettermiddag og i kveld.
Raanan Gissin er talsmann for Israels statsminister Ariel Sharon, og han seier i kveld at offensiven er over, men at styrkane vil vende tilbake om det blir skote nye rakettar mot Israel.
To gutar leikar i ruinane av eit hus som vart sprengt i lufta av israelske soldatar eit par dagar før. (Foto: AP/Scanpix)
Tilbaketrekkinga, eller omgrupperinga av styrkane, er meint å lette forholda for sivile palestinarar under fastemånaden ramadan, som vart innleidd i dag.
Den israelske offensiven mot den nordlege delen av Gazastripa er dem hardaste i området på over fire år. Over 100 palestinarar er drepne, rundt halvparten av dei skal vere sivile. Fleire born er også blant dei drepne.
Seinast i ettermiddag vart ei eldre palestinsk kvinne skoten og drepen medan ho opp heldt seg i heimen sin i Jabaliya. Palestinske kjelder seier ho vart skoten av israelske soldatar, medan kjelder i den israelske hæren seier at det ikkje var skyting i området då kvinna vart drepen.
Tidlegare i dag vart tre militante paelstinarar drepne i eit israelsk helikopterangrep.
Tre israelarar og ein thailandsk arbeidar er drepne av væpna palestinarar under aksjonen.
Offensiven starta etter at ein Qassam-rakett som vart skoten frå Jabilya-området drap to born i den israelske byen Sderot 29. september.
Ein soldat slappar av på ein tank tidlegare i dag, etter at avdelinga hans trekte seg ut av Jabaliya. (Foto: AP/Scanpix)