NRK Meny
Normal

Island stiller Geir Haarde for riksrett

Alltinget på Island har vedteke å stille tidlegare statsminister Geir Haarde for riksrett.

Geir Haarde

Tidligere statsminister Geir Haarde gjorde ikkje jobben sin godt nok før finanskrisa, meiner den islandske nasjonalforamlinga.

Foto: ARNI TORFASON / AP

En kvinne viser sin misnøye utenfor sentralbanken i Reykjavik.

Islendingar viser si misnøye med økonomien utanfor sentralbanken i hovudstaden Reykjavik.

Foto: HO / REUTERS

Dei folkevalde på Island stemte med 33 mot 30 stemmer for å stille Haarde for Landsdomur, ein spesialdomstol som vart oppretta i 1905 for å handsame saker mot medlemmer av regjeringa som var mistenkte for lovbrot.

Det har aldri tidlegare skjedd at denne domstolen har fått ei sak til vurdering.

Finanskollaps årsak

Det er måten han styrte landet på fram mot finanskrisa som er årsaka til at det blir innleia riksrettssak, melder NTB.

Økonomien på Island fekk store problem som følgje av bankkrisa. Haarde med fleire har fått skulda for manglande vilje og evne til å kontrollere bankane.

Også tre andre tidligere statsråder risikerte riksrett, men slapp unna: Tidlegare utanriksminister Ingibjörg Solrun Gisladottir, tidlegare finansminister Arni Mathiesen og tidlegare næringsminister Björgvin Sigudsson.

Ein granskingskommisjon konkluderte tidlegare i september med at Haarde, og og dei tre andre ministrane, hadde forsømt seg grovt i tida fram mot finanskrisa.

Motsander av riksrett

Den noverande statsministeren, sosialdemokratiske Jóhanna Sigurdadóttir, sa før avstemminga at ho var motstandar av å stille Haarde for riksrett.

Det er ikkje venta at resultatet av saka vil gi konsekvensar den sittande regjeringa.

Men om ingen blir dømde, vil det kunne føre til meir politisk uro, meiner observatørar.

59 år gamle Haarde gjekk av i januar 2009 etter at dei største bankane på Island vart bukka under på grunn av finanskrisa. Staten måtte ta over alle dei store bankane. Haarde gjekk av på grunn av ei kreftdiagnose.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt