Hopp til innhold

Ikkje håp om betring i Afghanistan

Situasjonen i Afghanistan vil ikkje bli betre på kort sikt, sa general David Petraeus til det amerikanske senatet i dag.

Video David Petreaus på høring i Senatet

VIDEO: David Petraeus i senatet.

Det er venta at senatet raskt vil godkjenne general Dan Petraeus som ny øvstkommanderande for dei amerikanske styrkane i Afghanistan.

David Petaraeus i høyringa i Senatet 29. juni 2010.

Ikkje berre alvor under høyringa i senatet i dag for David Petaraeus.

Foto: PAUL J. RICHARDS / Afp

Generalen meiner at situasjonen i Afghanistan kan bli verre enn han er i dag, og det ikkje er grunnlag for å tru på at det på kort sikt skal snu til det betre for den internasjonale styrken.

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Faryab - hundre år med konflikter

Friske karakteristikkar

President Barack Obama utnemnde David Petraeus som ny øvstkommanderande i Afghanistan etter at generalkollega Stanley McChrystal fekk sparken på grunn av ein del friske karakteristikkar av amerikanske politiske leiarar i eit intervju med magasinet «Rolling Stone».

- Vi må vere førebudde på enda tøffare krigshandlilngar i tida som kjem. Når vi fjernar fienden sine trygge hamner og på den måten reduserer handlingsfridomen hans, må vi rekne med at dei kjempar tilbake, sa han blant anna.

Petraeus sa også at han vil vurdere dei amerikanske reglane for kamp opp til ny vurdering. McChrystal innførte eit direktiv om å avgrense bruken av flystøtte under angrep. Dette fordi at statistikken viser at det er under slike angrep at flest sivile blir drepne.

LES OGSÅ: Åtte sivile drept i Afghanistan

LES OGSÅ: CIA: Lang vei å gå i Afghanistan

Hylla og kritisert

Strategien blei både hylla og kritisert, og han vart sett på som eit forsøk på å skape tillit blant dei lokale innbyggjarane. På den andre sida vart denne strategien også kritisert fordi det førte til at soldatar i ein del situasjonar ikkje fekk den støtta dei hadde behov for.

- Men eg vil også ha ei målsetning om å redusere tap av uskuldige liv til eit absolutt minimum, sa Petraeus, som gjorde det klart at han støttar reglane som McChrystal innførde.

Men han sa også at når NATO-styrken eller dei afghanske regjeringsstyrkane var i ein vanskeleg situasjon, er det naudsynt å bruke alle middel for å sikre at dei kjem seg ut av denne situasjonen.

LES OGSÅ: McChrystal Afghanistan-pessimist

LES OGSÅ: Stedet der generalene faller

Irakisk snuoperasjon

David Petraeus greidde til ei viss grad å snu den negative utviklinga i Irak då han var øvstkommanderande der, og no håpar amerikanske styresmakter at han skal gjennomføre ein snuoperasjon i Afghanistan også. Men det er stor skilnad på Irak og Afghanistan.

Den afghanske presidenten og hans regjering er svak og prega av korrupsjon. Taliban har styrkt stillilnga si dei siste månadene, og ein lenge planlagt storoffensiv mot kjerneområdet til Taliban i Kandahar er utsett inntil vidare.

Demonstrantar kom seg inn i senatet under høyringa.

Demonstrantar kom seg inn i senatet under høyringa.

Foto: PAUL J. RICHARDS / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt