Hopp til innhold

I Serbia får du koronavaksine på timen

I Noreg ventar mange på vaksine og sjansen til å få seg eit vaksinepass av EU. I det fattige landet Serbia derimot, kan alle som vil få vaksine, og landet har høgare vaksineringsgrad enn EU og Noreg.

Korrespondent Roger Sevrin Bruland er Serbia for å få koronavaksine. Bilder av vaksineskap og av vaksinering.

Korrespondent Roger Sevrin Bruland er Serbia for å få koronavaksine. Bilder av vaksineskap og av vaksinering.

I Serbia er dei no komne så langt i vaksineringa, at alle som vil kan få koronavaksine på dagen.

Kan velje vaksine

Kjøleskapa ved messeområdet i Beograd bognar over av vaksinar frå alle delar av verda. Det vere Pfeizer, AstraZeneca, kinesiske Sinofarm eller russiske Sputnik.

Kvar vaksine har fått sitt område merka med store skilt. Alle kan velje sin favoritt.

Serbia som står utanfor EU, har inngått direkte avtalar med legemiddelselskapa,
og med stormaktene Kina og Russland.

– Dette er nøkkelen til den serbiske vaksinesuksessen, fortel statssekretær i helsedepartementet Mirsad Djerlek.

roger-vaksine-DSC04220

Statssekretær helsedepartementet Mirsad Djerlek.

Foto: Gunnar Bratthammer / Gunnar Bratthammer

– Vi prioriterer menneskeliv framfor geopolitiske omsyn, difor har vi så mange vaksinar, seier han.

No er han svært stolt over at det vesle landet med 7,5 millionar innbyggarar har blitt ein vinnar i det internasjonale spelet om koronavaksinane.

Når han får høyre at NRKs korrespondent ikkje er vaksinert, tilbyr han ein dose ved vaksinesenteret i sentrum av Beograd.

Vaksine til utlendingar

Og medan folk i Noreg framleis ventar på sin dose, er den serbiske vaksineringa eit velsmurt og svært so effektivt maskineri.

– Heile prosessen tek ti til femten minutt, fortel epidemiologen Dragana Milosevic til NRK.

Staben ved vaksinesenteret har lite å gjere. Dei arbeider no med å overtyde vaksineskeptikarane om å ta turen innom.

Og no kan også folk frå andre land få gratis vaksine i Serbia. Mange frå nabolanda tar turen til hovudstaden Beograd.

– Eg er veldig stolt over landet mitt, fortel serbiske Peter. Han har reist heilt frå Spania for å vaksinerast.

Som ein av dei som kom for å bli vaksinert uttrykte, var det noko nostalgisk over at covid-19 bringa innbyggjarar frå heile det tidlegare Jugoslavia saman. I alle fall for ei kort stund.

roger-vaksine-DSC04220

Peter sit og ventar nokre minutt etter vaksinen.

Foto: Gunnar Bratthammer / Gunnar Bratthammer

SISTE NYTT

Siste nytt