Det var busetjarar frå Gazastripa som hadde anka inn avgjerda om tilbaketrekking til høgsterett. 10 av dei 11 dommarane var samde om å avvise protesten frå fleire hundre busetjarar på Gazastripa.
Også forretningsdrivande i grenseområdet mellom Gazastripa og Israel har anka avgjerda om full israelsk tilbaketrekking frå Gazastripa inn for høgsterett.
Avgjerda i høgsterett i dag gjer at det ikkje lenger er juridiske hindringar for israelsk tilbaketrekking av 8500 busetjarar på Gazastripa.
Det blir også tilbaketrekking frå fire små israelske enklavar på den nordlege delen av Vestbreidda.
Lova om kompensasjon for evakuering vart vedteken i det i den israelske nasjonalforsamlinga Knesset i februar i år. Lova opnar for at det skal betalast erstatning til israelarane som må reise frå heimane sine.
Den einaste endringa høgsterett gjorde var å setje aldersgrensa for kven som kan få erstatning, ned frå 21 til 18 år.