Det er første gong sidan den såkalla Oransjerevolusjonen at Vladimir Putin vitjar Ukraina. Putin stod på god fot med det gamle regimet, og gjorde det klart at han støtta Jusjtsjenko sin rival, tidlegare statsminister Viktor Janukovitsj.
Jusjtsjenko var på eit offisielt besøk til Moskva tidlegare i år, så dette er ikkje hans første møte med Putin. Men det er første gong dei møtest på ukrainsk jord etter at Jusftsjenko vart president.
Ved sidan av Jusjtsjenko skal Putin på sitt dagsbesøk i Kiev også møte statsminister Julia Tymosjenko og formannen i parlamentet, Volodimyr Litvin.
Viktigaste saka på dagsordenen blir truleg dei russiske planane om ein økonomisk union mellom Russland, Ukraina, Kviterussland og Kasakhstan.
Russland ivrar sterkt for å få Ukraina med i denne unionen, men Justsjenko har uttrykt uro for at å gå med i ein slik union kan gjere det vanskelegare for Ukraina å bli med i EU.
Jusjtsjenko har gjort det heilt klart at EU-medlemskap er målet hans, sjølv om Ukraina i dag langt frå oppfyller dei økonomiske krav som EU stiller til nye EU-land.