Hopp til innhold

Her gøymde terroristane seg

PARIS/OSLO (NRK): Trass i at politiaksjonen er over, kan ein framleis høyre smell frå udetonerte granatar i bygningen der fleire terror-involverte skal ha gøymt seg. Ein ytterlegare person kan ligge att død i bygningen.

TOPSHOTS-FRANCE-ATTACKS

I FARE FOR Å FALLE SAMAN: Bygningen er etter aksjonen og sjølvmordsbomba på onsdag i ein svært skjør tilstand, sa påtalemyndigheitene under ein pressekonferanse onsdag kveld.

Foto: JOEL SAGET / Afp

Dei fleste sperringane i Saint-Denis er no oppheva, med unntak av dei som er heilt i nærleiken av bygningen der politiaksjonen gjekk føre seg i morgontimane og utover føremiddagen onsdag.

Etter ein intens aksjon med over 5000 fyrte av skot og ei kvinne som sprengde seg sjølv står bygningen no står i fare for å rase saman, fortel politiet på staden til NRK.

Saint Denis etter politiaksjon

STILLE ETTER AKSJONEN: Det var i rue Corbillon politiet slo til mot ei leilegheit onsdag morgon.

Foto: Marit Kolberg / NRK

To er stadfesta døde, deriblant ei kvinne som sprengde seg sjølv i lufta, og sju er tekne inn til avhøyr.

Ute etter «hjernen bak» angrepet

Statsadvokat Francois Molins sa at utgangspunktet for aksjonen var informasjon ein hadde fått frå avlytta telefonsamtalar, overvaking og vitneutsegn som peikte mot at Abdelhamid Abaaoud kunne vere i leilegheita. Abaaoud er ein belgisk islamist som er mistenkt for å vere den som har stått bak planlegginga av angrepet som råka Paris på fredag,

I ein pressekonferanse onsdag kveld sa Molins at verken Abaaoud eller den av angriparane som kom seg unna fredag, Salah Abdeslam, er blant dei sju arresterte. Washington Post skriv på si side at Abaaoud skal vere død, og viser til etterretning.

Bygningen i Saint-Denis skal vere ein av tre tilhaldsstader terrorgruppa skal ha hatt i Frankrike. Det vitnar om langvarig planlegging, fortel franske påtalemyndigheiter onsdag kveld, og legg til at det er kome fram at alle dei tre bilane som vart brukt i angrepet skal ha kome med få minutts mellomrom frå Belgia til Paris i forkant av angrepet.

Avfyrte meir enn 5000 skot

Grytidleg onsdag morgon vakna innbyggarane i Saint Denis av eit stort oppbod av politi og soldatar. Aksjonen starta kl. 04.20, og det Molins omtalar som ein krevjande situasjon varte i sju timar. Fem politimenn vart skadde i aksjonen, og 5000 skot vart avfyrte frå politiet si side.

Folk i St Denis kjenner seg utrygge og er redde.

Ei kvinne NRK snakkar med fortel at det bur mange med ekstreme synspunkt i området.

– Eg likar det ikkje og eg held meg unna dei. Eg er redd eg kan vere det neste målet, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt