Hopp til innhold

Europeisk Hells Angels-topp arrestert i «Operasjon Casablanca»

Spansk politi har arrestert 25 medlemmar av motorsykkelklubben Hells Angels på Mallorca. Ein av dei arresterte er den påståtte leiaren i Europa, Frank Hanebuth.

Frank Habebuth, Hells Angels-leder i Europa

Ein av dei farlegaste kriminelle i Tyskland, Frank Hanebuth, vart arrestert i aksjonen. Her vender han ryggen til journalistar etter ein pressekonferanse i Hannover i 2010.

Foto: CHRISTIAN CHARISIUS / Reuters

Spanske spesialstyrker gjekk onsdag til ein svært omfattande aksjon på ferieøya Mallorca. Det vart utført heile 31 razziaer på same tidspunkt, noko som resulterte i arrestasjon av 25 høgtståande medlemmar av motorsykkelklubben Hells Angels.

Politiet stadfestar at dei 25 arresterte er mistenkte for narkotikatrafikk, menneskesmugling, bortføring, kvitvasking av pengar og korrupsjon, melder nyheitsbyrået AP.

Den påståtte leiaren av Hells Angels i Europa, tyske Frank Hanebuth (49), er blant dei arresterte i «Operasjon Casablanca». Rundt 200 politimenn frå det spanske politiet og sivilgarden har jobba med opprullinga av den tyske HA-fraksjonen på Mallorca.

Etterforskinga i forkant av politiaksjonen skal ha haldt på i over to år, med hjelp frå politiet i Tyskland, Luxembourg, Nederland og Austerrike.

Ville bygge Formel 1-bane

Hanebuth har ein eigedom på Mallorca verdt rundt 20 millionar kroner. På denne eigendomen hadde motorsykkelgjengen planlagt å bygge ein Formel 1-bane med svarte pengar frå Tyskland og Tyrkia, skriv den tyske tabloidavisa Bild.

Politiet seier vidare at det under aksjonen vart teke beslag i fleire bilar og motorsyklar, samt våpen, kontantar og smykke.

Frank Hanebuth har bakgrunn frå Hells Angels i den tyske byen Hannover, og er av tysk politi rekna som ein av dei farlegaste kriminelle i Tyskland.

Han har gjentekne gonger vore i politiet sitt søkelys, mellom anna i mai 2012. Då storma den tyske elitestyrken villaen hans, etter at dei mistenkte han for å vere innblanda i eit mord. Eitt år seinare vart siktinga fråfallen grunna mangel på bevis.

Norsk HA-leiar dømt

Også i Noreg har politiet i det siste hatt stor suksess i straffeforfølging av Hells Angels, som fleire karakteriserer som ein kriminell mafiaorganisasjon.

For ein dryg månad sidan vart den norske leiaren for organisasjonen, Ove Jørgensen Høyland, dømt til ni års fengsel for å ha stått bak eit omfattande narkotikanettverk. Også sju andre tiltalte i saka vart kjent skuldig, og fekk dommar frå to år og opptil ti år. Seks av de åtte ble dømt etter den såkalte mafiaparagrafen.

SISTE NYTT

Siste nytt