Hopp til innhold

Helikopterjakt på kapra limousin

Svensk politi jakter med helikopter på ein kapra limousin ved Arlanda utanfor Stockholm, melder svenske Aftonbladet.

Arlandastad

– Det er vel nokon som vil køyre standsmessig, seier Albin Näverberg i Stockholmspolitiet til Aftonbladet.

Ein mann skal ha rana til seg bilen ved å vifte med ein pistol og tvinge seg inn i bilen. Limousinen, som er ein taxi, forsvann i retning Stockholm, og det er sett inn politihelikopter i jakta på køyretøyet.

Mannen skal vere åleine om ranet, og svensk politi karakteriserer hendinga som eit væpna ran.

SISTE NYTT

Siste nytt