Hopp til innhold

Heimlaus mann hylla som helt etter terrorangrep

Michael Rogers køyrde ei handlevogn i full fart inn i mannen som gjennomførte eit terrorangrep i Melbourne i Australia sist fredag. Det er samla inn over 650.000 kroner til den heimlause mannen.

"Bevæpnet" med en handlevogn løp Michael Rogers mot knivdesperadoen. Rogers er blitt en helt i Australia.

VIDEO: Michael Rogers køyrde handlevogna rett inn i knivdesperadoen.

Terrororganisasjonen IS har teke på seg skulda for angrepet i Melbourne. Angriparen byrja å knivstikke menneske rundt seg, etter at bilen hans gjekk opp i flammar i sentrum av den australske storbyen.

Inne i bilen hadde han fleire sylindrar med propan, men det er uklart om desse eksploderte.

Angriparen vart skoten og drepen av politiet, etter at han hadde teke livet av eitt menneske og såra to andre. Han sprang mot to politimenn for å angripe dei også, men Michael Rogers såg dette og greip ei handlevogn som stod på fortauet.

Rogers køyrde rett inn i angriparen, noko som gjorde det mogleg for politiet å skyte på knivmannen.

Hylla som helt

Den heimlause mannen blir hylla som ein helt i Australia, men politisjef Graham Ashton i delstaten Victoria er litt meir tilbakehalden. Han seier at han set stor pris på støtte frå publikum, men at det i denne saka også lett kunne ha fått tragiske konsekvensar.

Men for folk i Melbourne er Rogers den store helten. Etter at historia vart kjent vart det sett i verk ein stor innsamlingsaksjon til han på nettet.

Hittil er det kome inn over 650.000 kroner, og pengane strøymer framleis inn, ifølgje CNN .

Rogers har no fått tilnamnet «Handlevognmannen», og han seier til den lokale nyheitskanalen Seven News at han såg handlevogna på fortauet, då det såg ut som mannen skulle gå til angrep på politimennene.

Laster Twitter-innhold

– Direkte i «action-modus»

– Eg treiv tak i handlevogna og eg sprang rett mot angriparen. Eg trefte, men greidde ikkje å få han i bakken på første forsøk. Fyren var fullstendig ute av kontroll, og eg gjekk direkte i «action-modus», seier han til TV-stasjonen.

Donna Stolzenberg, grunnleggjar og øvste leiar for National Homeless Collective, seier til radiostasjonen 3AW i Melbourne at dei må ta seg ein prat med Rogers om kva dei skal gjere med pengane som er samla inn.

– Vi kan ikkje berre gi Michael ein så stor pengesum opp i hendene, det ville ha sett han i stor fare, seier ho.

Mannen som gjennomførte angrepet i Melbourne sist fredag var 30 år gamle Hassain Khalif Shire Ali, australsk statsborgar med somalisk bakgrunn.

SISTE NYTT

Siste nytt