Mennesker drept siden 7. oktober 2023
Det norske legeteamet frå Norwac møter den vesle jenta på Kamal Adwan-sjukehuset nord på Gazastripa.
Mora ønsker at verda skal sjå bileta av si avmagra dotter. Ho heiter Janna og skal eigentleg gå i 1. klasse, men på grunn av krigen har dei sete isolerte på ein FN-skule.
Ein video filma før krigen viser ei kvikk, sunn og barnsleg jente som les frå ei bok med stort engasjement.






No er ho nesten ikkje til å kjenne att.
– Vi har sett det mest ekstreme av underernæring, som vi knapt trudde fanst.
Det fortel Norwac-lege Geir Stray Andreassen til NRK på video frå al-Adwan-sjukehuset. Den evinnelege lyden av dronar høyrest i bakgrunnen, ut vindauget ligg bygningane i Nord-Gaza i ruinar.
Kirurg Geir Stray Andreassen har vore i Gaza fleire gonger, men aldri sett ein så katastrofal situasjon før.
Foto: NorwacMista mimikken
I likskap med mange andre har Janna berre ete pitabrød dei siste seks månadane.
Forureina vatn, avgrensa tilgang til mat og dårlege sanitære forhold har ført til at mange på Gazastripa no er smitta av magesjau, fortel Andreassen.
I februar blei Janna sjuk med både oppkast og diare, fortel mora. Ho har gått drastisk ned i vekt, frå 22 til 9 kilo.
For å bli frisk, treng ho fast føde og reint vatn.
– Ho er heilt avmagra. Ho har synsforstyrringar, snakkar uklart og utan mimikk, fortel Andreassen.
Mora løfter opp genseren til Janna for å vise kva svolten har gjort med kroppen hennar.
Israel kontrollerer naudhjelpa
Ein FN-rapport viser at 90 prosent av alle barn under to år opplever alvorleg matmangel. på Gazastripa. Det same gjer 95 prosent av alle gravide kvinner og mødrer som ammar.
Medan barn døyr som følge av underernæring, blir Israel skulda for å bruke svolt som krigsvåpen – mellom anna frå menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch.
Også FNs menneskerettssjef Volker Turk seier til BBC at dette er sannsynleg.
Israel kontrollerer all naudhjelp som blir sloppe inn til Gazastripa, og har blitt kritiserte for å ikkje tilrettelegge for at meir får passere grenseovergangane.
– Palestinarar nord på Gazastripen opplever no hungersnaud, seier leiaren for amerikanske USAID, Samantha Powers.
«Passiv og utan mimikk»
På same sjukehus som Janna, ligg Yaman. Han er ein månad gammal, og har gått ned i vekt sidan han blei fødd.
Frå 2 kilo til 1,8 kilo på fire veker.






Han bruker lang tid på å blunke og ligg heilt stille. Lege Andressen skildrar han som passiv og utan mimikk.
Mora, som også er underernært, fortel den same historia. Ho har levd på pitabrød etter at krigen braut ut. Det er det einaste ho får tak i av fast føde.
Legar The Guardian har snakka med fortel at kvar morgon stiller mødrer seg i kø utanfor sjukehuset nord på Gazastripa for å be om morsmjølkerstatning. Som følge av underernæring, er det svært få som produserer brystmjølk sjølv.
Norwac-teamet fortel at Janna etter planen reiser til Egypt i morgon med hjelp frå Verdas helseorganisasjon. For Yaman ser framtid derimot mørk ut, og han blir stadig svakare.