Hopp til innhold

Israelarar blokkerer naudhjelp til Gaza

«Ingen bensin til Hamas» og «få gissela heim» er blant slagorda som går att når israelske aktivistar blokkerer naudhjelp til Gaza.

ungdom og unge vaksne danser på ein veg ved sidan av eit stort gjerde som mest sannsynleg er grensegjerdet til Gaza. Det er fleire med israelske flagg.

Fleire av dei frammøtte ved Kerem Shalom skal tilhøyre ytre høgre, og mange skal vere busetjarar på Vestbreidda.

Foto: Menahem Kahana / AFP

Familiane til dei israelske gissela på Gazastripa og andre frustrerte israelarar har sidan krigen braut ut i oktober dagleg arrangert protestar rundt om i Israel.

Dei meiner at Israels statsminister Benjamin Netanyahu og regjerings hans ikkje gjer nok for å få heim gissela.

Demonstrantane har marsjert mot statsministerens kontor i Jerusalem, storma eit møte i parlamentet og protestert inne i Knesset.

Bodskapen deira er krystallklar. Israel må gjere meir for å få tilbake gissela frå Gazastripa.

Menneske står midt på ein bilveg. Bilar og bussar må stanse. Det er mørkt. Menneske held opp plakatar.

Tysdag blokkerte familiane til gissela og andre aktivistar ein bilveg i Tel Aviv. «Få dei heim», stod det på fleire plakatar.

Foto: Susana Vera / Reuters

Ultranasjonalistar og ytre høgre

Men dei siste vekene har demonstrasjonane fått ein ny dimensjon.

Hundrevis av israelarar, særleg ultranasjonalistar og ytre høgre-aktivistar, har lagt seg ned på vegar rundt om i Israel og ved grenseovergangane til Gazastripa og Egypt.

Dei ønsker å hindre at naudhjelp kjem inn på Gazastripa.

Tysdag har fleire hundre israelarar møtt fram ved grenseovergangen Kerem Shalom. Det melder den israelske TV-kanalen Channel 12.

soldatar står rundt ein lastebil. foran dei sitt tre damer og snakker på bakker

Israelske soldatar vernar om lastebilane som har blitt hindra i å køyre inn på Gazastripa via Kerem Shalom tysdag.

Foto: Menahem Kahana / AFP

Demonstrantane krev at israelske myndigheiter gjere meir for at gissela på Gazastripa blir frigitte, men legg også stor vekt på at naudhjelp ikkje skal nå fram til Hamas.

132 lastebilar lasta med mat, medisinar, vatn og anna naudhjelp skal stå fast ved grensa.

I slutten av januar kunngjorde den israelske hæren (IDF) at Kerem Shalom-overgangen var ei lukka militærsone, etter fleire protestar i området.

Likevel skal høgreorienterte demonstrantar ha tatt seg gjennom sperringane, og kome seg heilt fram til lastebilane ved grenseovergangen.

  • Ungdom røykar og tek bilete av seg sjølv medan dei sit på ein veg. Bak dei står ei dame som held opp eit skilt med hebraisk skrift på.

    Israel har opna opp for å sende mjøl til Gaza via havnebyen Ashdod. Aktivistar prøvde også her å stanse lastabilane med naudhjelp torsdag.

  • Unge kvinner sitt framfor ein lastebil, dei smiler og viser fredsteiknet.
  • Ein gut held ei hand mot fronten av ein lastebil. Den andre handa har han i lomma. I lastebilen sit ein mann.

Uviss situasjon for gissela

Det har kome lite informasjon om tilstanden til gissela på Gazastripa, og det har blitt spekulert i kor mange som framleis lever.

Tysdag kveld informerte IDF om at 31 av dei 130 gissela skal vere bekrefta drepne.

– Vi har informert dei 31 familiane om at deira kjære ikkje lenger er blant dei som lever, og at vi kan bekrefte dei døde, sa talsperson for den israelske hæren, Daniel Hagari, under eit pressemøte.

I desember skaut og drap israelske soldatar tre israelske gissel på Gazastripa.

Gissela skal ifølge Reuters ha ropt om hjelp, men dei israelske soldatane skal ha tolka det som ei felle av Hamas. IDF kallar drapa for uhell.

demonstrantar med røde kle og røde plakatar med hebraisk skrift roper i ei gate. På nokre av dei står det på engelsk "Wake up now!"

Israelske kvinner demonstrerte utanfor Forsvarsdepartementet i Tel Aviv førre vekke.

Foto: Ahmad Gharabli / AFP

Samtalar om våpenkvile

Under våpenkvila mellom Israel og Hamas i november i fjor blei 105 gissel frigitte av Hamas, mot 240 palestinske fangar frå israelske fengsel.

Det har vore fleire forhandlingar mellom Israel og Hamas, mekla av Egypt og Qatar, men ingen har ført fram til ei ny våpenkvile.

Qatar seier tysdag kveld at dei er «optimistiske» etter eit møte med Hamas, som skal ha gitt positiv respons på ein avtale om lauslating av israelske gissel mot ei våpenkvile i krigen.

Også USAs utanriksminister Antony Blinken, som er i Qatar, uttrykte optimisme tysdag.

Israel seier tysdag kveld at dei vil vurdere forslaget.

Vanskeleg å få inn naudhjelp

Ei humanitær våpenkvile kan gjere arbeidet med å få inn naudhjelp litt mindre krevjande.

Måndag morgon skal ei kolonne med lastebilar på veg inn til Gaza, ha blitt treft av artilleri frå israelske marinefartøy, ifølge FN. Ein lastebil skal ha fått materielle skadar, men ingen menneske skal ha blitt skada.

Dette har ikkje blitt bekrefta eller kommentert av IDF.

lastbil som har blitt angrepe på midten. pappesker er synlege inni lastebilen

UNRWA-sjef i Gaza, Thomas White, posta biletet av lastebilen som skal ha blitt treft av israelsk artilleri på X/Twitter måndag.

Foto: Thomas White / Twitter

Naudhjelpa er «ei drope i havet»

På grunn av Israel og Egypts blokade av Gazastripa, er det berre tre vegar inn til landområdet. To av grenseovergangane blir kontrollerte av Israel, den siste av Egypt.

New York Times skriv at grenseovergangane har særs avgrensa opningstider, i tillegg til at lastebilane må gjennom lange inspeksjonar før dei får køyre inn.

Når dei først er inne, må dei køyre på krigsherja vegar og generelt opphalde seg i ei livsfarleg krigssone.

Israel og Egypt har latt noko naudhjelp passere inn til Gazastripa, men mengda blir kalla «ei drope i havet» av Verdas helseorganisasjon, som også åtvarar om at det no er stor risiko for hungersnød på Gazastripa.

Ein man har matforsyningar på ei tralle i ei gate full av menneske. Det er esel og hestar der.

Allereie før krigen var 80 prosent av Gazastripa avhengige av FN-støtte for å leve.

Foto: Mohammed Abed / AFP

I Nord-Gaza er tilgangen til mat så avgrensa at innbyggarar har fortalt at dei har begynt å ete dyrefôr.

Av dei 2,3 millionane som bur på Gazastripa, estimerer Flyktninghjelpen at 1,9 millionar skal vere internt fordrive.

Les også Våpenhvile: – Nøkkelen ligger jo i USA

SISTE NYTT

Siste meldinger