Hopp til innhold

Han er skulda for over 350 drap

Ein av dei mest ettersøkte forbrytarane i Mexico, Mario Nunez Meza (39), vart arrestert i Cuidad Juarez i går. Politiet meiner han er ansvarleg for over 350 drap.

Mario Nunez Meza er arrestert.

Mario Nunez Meza blir skulda for å vere ansvarleg for over 350 drap.

Foto: HANDOUT / Reuters

Arrestasjonen blir sett på som eit skikkeleg varp av meksikansk politi. Aksjonen der han vart arrestert i byen Cuidad Juarez, like ved grensa til den amerikanske delstaten Texas, gjekk udramatisk føre seg. Det vart aldri naudsynt å losne skot, opplyser politiet.

Joaquin "El Chapo" Guzman.

Joaquin «El Chapo» Guzman er Mexicos mest ettersøkte mann. Biletet er teke i 1993. No er ein av dei nærmaste medarbeidarane hans arrestert.

Foto: Damian Dovarganes / Ap

Mario Nunes Meza, som gjerne går under kallenamnet «El Mayito» eller «M-10», blir sett på som ein nær medarbeidar av den aller mest ettersøkte mannen i Mexico, sjefen for Sinaloa-kartellet, Joaquin «El Chapo» Guzman (56). Sinaloa er truleg det mektigaste og mest brutale narkokartellet i Mexico.

Over 350 drap

Politiet meiner at Mario Nunes Meza spelte ei nøkkelrolle i valdsbølgja som har prega narkotikaindustrien i den nordlege delen av Mexico dei siste åra, spesielt i delstatane Chihuahua og Durango.

Det meksikanske narkotikapolitiet ser han som ansvarleg for drapa på meir enn 350 menneske, som vart funne i 23 ulike massegraver . Han er også mistenkt for å vere tungt inne i narkotikatrafikk, kidnapping og kvitvasking av pengar.

Funnet av massegravene blir sett i samanheng med krigen mellom dei ulike narkotikakartella i Mexico, spesielt mellom Sinaloa-kartellet og fleire greier av Zeta-kartellet. Dei kjempar om å kontrollere dei svært lukrative smuglarrutene til USA

LES OGSÅ: Mexicos verste narkobande taper terreng

«Det gylne triangel»

Joaquin Guzman er ettersokt også i USA

Joaquin «El Chapo» Guzman er også ettersøkt i USA, som folkefiende nummer ein.

Foto: M. Spencer Green / Ap

Polititalsmann Eduardo Sanchez er nøgd med at dei no har greidd å arrestere 63 av dei 122 mest ettersøkte og farlegaste forbrytarane i landet.

Delstatane Drango, Chihuaha og Sinaloa blir kalla «Det gylne triangelet» på grunn om omfattande dyrking av marihuana og valmue som blir brukt til framstilling av heroin.

Grensebyen Cuidad Juarez , der Mario Nunez Meza vart arrestert, har vorte kalla verdas drapshovudstad. I 2010 var det 3116 drap i byen, men sidan har dette talet gått nedover.

LES OGSÅ: «Stillehavets dronning» arrestert igjen i Mexico

SISTE NYTT

Siste nytt